Nauroz (farsi نوروز, av nau, ‘ny’ og roz, ‘dag’; kurdisk نەورۆز، newroz, òg kalla nav-roz, nevroz, noruz, novrodj o.a.) er den persiske nyårsdagen.
Det nye året byrjar ved vårjamdøgn, 20.-22. mars i den vestlege kalenderen, og feiringa går over fleire dagar. Nauroz har røter fleire hundre år attende, og er knytt til parsismen. I 2009 blei nauroz utnemnd som immateriell verdsarv av UNESCO.
Dagen vert feira i heile det persiske kulturområdet i Midtausten, Sentral- og Sør-Asia og hjå bahaiar, parsiar og mange muslimar over heile verda. I Iran/Kurdistan, Irak Aserbajdsjan, Afghanistan, Kasakhstan, Kirgisistan, Tadsjikistan, Turkmenistan og Usbekistan er det ein offentleg høgtidsdag.
Fleire ulike skikkar og symbol er knytt til dagen. I månaden før nauroz blir det halde ei grundig vårreingjering. Til sjølve feiringa er det vanleg å laga til eit bord kalla haft-sin, som tyder 'sju s-ar'. Bordet blir dekt med sju ting som byrjar med s på farsi, til dømes sabzeh (matspirer), samanu (kveitespirepudding), sib (eple), sonbol (hyasint), senjed (russisk sølvbusk), sir (kvitlauk), serkeh (eddik), sikkeh (gullmyntar) og somagh (sumak). Element frå ein tidlegare haft-chin tradisjon, som egg, spegel, gullfisk, levande lys og rosevatn er også vanlege. Vidare kan ein ha tørka frukt, søtsaker, nyårsettar, nasjonalfargar og ei heilag bok (som Avesta, Koranen eller Kitáb-i-Aqdas) eller ei diktsamling (Shahnameh eller Hafez). Tinga står for liv, grøde, gjenføding, helse, rikdom og så bortetter.
Familieselskap, festmåltid, kulturelle tilstelingar, idrettsstevne, diktlesing og hopping over eld eller bekkar er andre måtar å feira nauroz på.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Nauroz, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.