Den Siste Istida

Den siste istida på jorda var ein periode på hundre tusen år for om lag 110 000 til 10 000 år sidan, i den geologiske perioden som vert kalla pleistocen.

I denne perioden flytta isen seg att og fram fleire gonger. Siste glasiale maksimum, den største utstrekkinga til isbreane før dei trekte seg attende, var for om lag 18 000 år sidan.

Den Siste Istida
Den siste istida på sitt mest omfattande. Basert på «Ice age terrestrial carbon changes revisited» av Thomas J. Crowley (Global Biogeochemical Cycles, Vol. 9, 1995, s. 377-389

Opphav og definisjon

Ei istid er i glasiologien ein lengre periode med låge temperaturar der iskalottar dekkjer store delar av jorda, som i Antarktis i dag. I ei istid har ein kaldare fasar, glasialtider, der isen brer om seg, i tillegg til mellomistider (interglasial tid) som er varmare periodar. Fagleg sett er ikkje den siste istida over enno. Den siste glasialtida enda for om lag 12 500 år sidan, men likevel er det ikkje sikkert at den siste istida er over enno. Det er få prov for at syklusen mellom istider og mellomistider som me har hatt dei siste millionar åra, er over.

Den siste istida er den klårt best kjende istida og det er gjort omfattande studiar av henne i Nord-Amerika, nord i Eurasia, Himalaya og andre tidlegare område av jorda som var dekte av is. Isbredanninga skjedde samstundes i mange område, hovudsakleg på den nordlege halvkula og i mindre grad på den sørlege halvkula. Dei har forskjellige namn etter historisk utvikling og geografisk plassering: Fraser (Dei nordamerikanske Kordillerane i Nord-Amerika), Pinedale, eller Wisconsin (sentralt i Nord-Amerika), Deven (på Dei britiske øyane), Midland (i Irland), Würm (i Alpane), Merida (i Venezuela), Weichsel (i Skandinavia og Nord-Europa), Vistul (nord i Sentral-Europa), Valdai i Aust-Europa og Zyryanka i Sibir, Llanquihue i Chile og OtiraNew Zealand.

Oversyn

Den Siste Istida 
Vegetasjonstypar under siste glasiale maksimum.
Den Siste Istida 
Den siste istida sett i iskjerner frå Antarktis og Grønland
Den Siste Istida 
Det skandinaviske isdekket.

Den siste istida vert generelt rekna som perioden då store iskalottar dekte Nord-Amerika og Eurasia. Store område av Alpane, Himalaya og Andesfjella var isdekte.

Canada var nesten heilt dekt av is, Laurentid-isdekket, og det same var nordlege område av USA. Alaska var hovudsakleg isfritt på grunn av dei tørre klimatiske tilhøva her. I Storbritannia, på det europeiske fastlandet og i det nordvestlege Asia låg det skandinaviske isdekket frå nordlege område av Dei britiske øyane, over Tyskland, Polen og Russland, så lang aust som til Tajmyrhalvøya vest i Sibir. Den største utbreiinga til isen vest i Sibir var for om lag 18 000 til 17 000 f.Kr., altså seinare enn i Europa (22 000 til 18 000 f.Kr.). Det nordaustlege Sibir var ikkje dekt av kontinentale isbrear. I staden var det store, avgrensa isdekke i fjellområda her, mellom anna Kamtsjatka-Korjak-fjella

Nordishavet, mellom dei store iskalottane i Amerika og Eurasia, var ikkje botnfrose, men som i dag dekt av eit relativt tynt islag som varierte gjennom året med kalvande isfjell. Ifølgje sedimenta frå djuphavet her har ein funne teikn som tyder på at havet stundom var lokalt isfritt.

Bortsett frå dei store iskalottane var det omfattande isbredanning i Alpane og Himalaya. I motsetnad til tidlegare glasiale periodane, hadde Würm-istida mindre isbrear, hovudsakleg i bredalar, der isbreane gjekk heilt til foten av Alpane. I aust var fjella i Kaukasus, Tyrkia og Iran dekte av lokale isbrear eller isfelt., I Himalaya og Tibetplatået voks isbreane kraftig, særleg mellom 47 000 og 27 000 år sidan. og i kontrast til den omfattande mellombelse oppvarminga andre stader. Om det var ein samanhengande isbre over Tibetplatået eller ikkje, er omstridd.

Andre område på den nordlege halvkula hadde ikkje omfattande isbrear, men lokale brear i høgareliggande område. Delar av Taiwan hadde til dømes isbrear i perioden mellom 44 250 og 10 680 år sidan og det same hadde Dei japanske Alpane. I begge område var isbreutbreiinga størst mellom 60 000 og 30 000 år sidan. Til ein mindre grad fanst det isbrear i Afrika, til dømes i Høge Atlas, fjella i Marokko, Atakor-massivet sør i Algerie og fleire fjell i Etiopia. På den sørlege halvkula strekte eit permanent isdekke seg på fleire hundre kvadratkilometer i dei austlege afrikanske fjella rundt Kilimanjaro, Mount Kenya og Ruwenzorifjella. Restar av desse breane finst her framleis i dag.

Det var mindre isbredanning på den sørlege halvkula fordi det er mindre landjord på denne halvkula. Ein hadde permanent isdekke i Andesfjella (Patagonia-isdekket), der isbreane rykte fram seks gonger mellom 33 500 og 13 900 år sidan i dei chilenske Andesfjella. Antarktis var heilt dekt av is, stort sett som i dag, men heile kontinentet var isdekt. På det australske fastlandet var det berre eit lite område nær Mount Kosciuszko som hadde isbrear, medan isdekket på Tasmania var meir omfattande. New Zealand hadde noko isbredanning i New Zealand-Alpane. Det fanst lokale isbrear i Irian Jaya i Indonesia, og desse er det framleis restar etter i dag.

Sjå òg

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Den Siste Istida  Commons har multimedium som gjeld: Den siste istida

Tags:

Den Siste Istida Opphav og definisjonDen Siste Istida OversynDen Siste Istida Sjå ògDen Siste Istida KjelderDen Siste Istida BakgrunnsstoffDen Siste IstidaGeologisk periodeJordaPleistocenSiste glasiale maksimum

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

EddiksyreTankbilMicrosoft WindowsKvintakkordIrakBo WiderbergLitografiBizkaiaTransportBook of KellsTromsø kommuneSigmaFilmen EllingDen europeiske unionenSolgangsbrisOrbitalApplausMediaWikiAntarktisHovudsideSiderAtomvåpenStar WarsLiechtensteinDei sameinte arabiske emirataSikhismenSinaihalvøyaKarikaturDen gamle verdaHaugtussaThe Power to BelieveInternasjonal telefonkodeAsker kommuneRoger KjendalenHjortBrunKinas kommunistpartiHerbert HooverGambiaTherese BjørneboeNamnedagar i NoregTeikneserieIranFreaks of Nature av KansasVinter-OL 1968Det indiske kastesystemetDet norske flaggetLarge Binocular TelescopeJacob Tullin ThamsFilmserien Harry PotterNamnedagVigselBon Iver, Bon IverKvigeAustralia330 skvadronOlga DanilovaFranskSpesifikk varmekapasitetListe over primtalSåmaskinGrønlandGhanaOrellanaprovinsenNasjonaldagJerry ReedLonely and BlueDonald TrumpPetter EideNederlandTarjei VesaasØrnNynorsk WikipediaWilliam OrpenNykøbing Mors🡆 More