(norsk: Uganda, ugandisk)
Republic of Uganda | |||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|
| |||||||
Nasjonalsong | «Oh Uganda, Land of Beauty» | ||||||
Motto | For God and My Country (For gud og fedreland) | ||||||
Offisielle språk | Engelsk | ||||||
Hovudstad | Kampala | ||||||
Styresett | Republikk Yoweri Museveni Amama Mbabazi | ||||||
Flatevidd – Totalt – Andel vatn | 241 038 km² (80.) 15 % | ||||||
Folketal – Estimert (2017) – Folketeljing (2002) – Tettleik | 39 570 125 (35.) 24 442 084 164,2 /km² (55.) | ||||||
Sjølvstende frå Storbritannia | 9. oktober 1962 | ||||||
Nasjonaldag | 9. oktober | ||||||
BNP – Totalt (2015) – Per innbyggjar | 79 750 mill. USD (88.) 2 500 USD (169.) | ||||||
Valuta | Ugandisk shilling (UGX) | ||||||
Tidssone | UTC +3 | ||||||
Telefonkode | +256 | ||||||
Toppnivådomene | .ug |
Uganda er eit land i Aust-Afrika som grensar mot Tanzania, Rwanda, Kongo, Sør-Sudan og Kenya.
Uganda ligg heilt innanfor tropane og ekvator går igjennom landet. Landet har derfor tropisk regnklima, som vert modifisert på grunn av høgda over havet. Viktoriasjøen er ein viktig del av klimaet i Uganda, og gjer at klimaet her er våtare enn t.d. i nabolandet Kenya, som elles har mykje det same klimaet. Fukta frå Victoriasjøen er ei kjelde til fukt i atmosfæren og torevêr. I tillegg er dei vestlege områda ofte påverka av fuktig sørvestleg vind som tar med seg regn frå Kongo. Dei våtaste områda av landet er langs kysten av Viktoriasjøen og Rwenzorifjella i Vest-Uganda. Her får ein om lag 1500 mm i året, medan sentrale og nordaustlege område får mindre enn 1000 mm. Nedbøren varierer derimot frå år til år, så enkelte år kan nedbørsmengda vere mykje mindre enn 1000 mm. Uganda har to regntider som følgjer den intertropiske konvergenssona sørover (mars-mai) og nordover igjen (oktober-desember). I dei nordlege områda smeltar derimot desse to regntidene i saman til ei samanhengande regntid, med ei tørketid i mellom.
Temperaturane vert sjeldan svært høge, årsmiddeltemperaturen er kring 22-23 °C året rundt, og fukta er vanlegvis ikkje så pass høg at ein får ubehagelege forhold. Ein kan ha regnvêr ein dag og to i strekk, men vanlegvis kjem regnet i samband med kraftige torebyer.
Uganda er inndelt i 56 distrikt:
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Uganda, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.