Orion (frå latin Orion) er eit dominerande stjernebilde rundt ekvator på himmelkvelvinga.
Figuren har fått namnet sitt etter den greske mytologiske helten Orion.
Orion | |
---|---|
Latinsk namn | Orion |
Forkorting | Ori |
Genitivsform | Orionis |
Symbologi | Eldgammalt, «den store jegeren» |
Rektasensjon | 5 h |
Deklinasjon | 5° |
Areal | 594 kvadratgrader nr. 26 av stjernebilda |
Stjerner sterkare enn mag. 3 | 8 |
Sterkaste stjerne | Rigel (β Orionis) (0,12. mag.) |
Meteorsvermar |
|
Tilgrensande stjernebilde | |
Synleg mellom breiddegradane +85° og −75° | |
Dei tre stjernene som ligg i ei rett line midt i stjernebiletet er kjende som Orions belte. Dei har i skandinavisk tradisjon blitt kalla Jakobsstaven. Dei mest lyssterke stjernene er Rigel (Beta Orionis) og Betelgeuse (Alfa Orionis), ei blåkvit og ei raud superkjempe. Mange av dei andre lyssterke stjernene i stjernebiletet er varme, blå superkjempestjerner. Oriontåka ligg sør for Orionsbeltet.
Orion grensar til Tyren i nordvest, Floda i sørvest, Haren i sør, Einhyrningen i aust og Tvillingane i nordaust. Det dekkjer 594 kvadratgrader og er det 26. største av dei 88 stjernebileta. Grensene til stjernebiletet vart fastsett av Eugène Delporte i 1930, og er definert av ein polygon med 26 sider.
Orion er best synleg på kveldshimmelen frå januar til mars, og i tropane (mindre enn 8° frå ekvator) kryssar stjernebiletet senit.
Namn | Solradien | Tilsynelatande storleik | ~Avstand (lysår) |
---|---|---|---|
Betelgeuse | 667 | 0.43 | 643 |
Rigel | 78 | 0.18 | 772 |
Bellatrix | 7.0 | 1.62 | 243 |
Mintaka | ? | 2.23 (3.2/3.3) / 6.85 / 14.0 | 900 |
Alnilam | 26 | 1.68 | 1359 |
Alnitak | 20 | 1.70/~4/4.21 | 800 |
Saiph | 11 | 2.06 | 724 |
Sverdet til Orion heng frå beltet og består av stjernene θ1 og θ2 Orionis, kalla Trapezium og Oriontåka (M42). Dette er eit av objekta, som ikkje er ei stjerne, som er best synleg for det nakne auga. Ved hjelp av kikkert kan ein lett sjå skya av gryande stjerner, lysande gass og støv. Trapezium-hopen har mange nye stjerner, inkludert fleire brune dvergar, som alle ligg kring 1500 lysår unna. Namnet kjem av at dei fire mest lyssterke stjernene dannar eit trapes.
M78 (NGC 2068) er ei stjernetåke i Orion. med ein samla storleiksklasse på 8,0, er ho langt svakare enn Oriontåka lenger sør, men ligg omtrent like langt frå jorda, kring 1600 lysår. Ho kan lett mistolkast som ein komet i eit teleskop. M78 er knytt til den variable stjerna V351 Orionis, som endrar storleiksklasse i løpet av særs kort tid. Ei anna forholdsvis lyssterk stjernetåke i Orion er NGC 1999. Han har ein storleiksklasse på 10,5 og ligg 1500 lysår frå jorda.
Ei anna kjend stjernetåke er IC 434, Hestehovudtåka, nær ζ Orionis. Ho består av ei mørk støvsky som ser ut som eit hestehovud.
Utanom desse stjernetåkene, kan ein sjå djupromsobjekt som M43, M78, og fleire multiple stjerner som Iota Orionis og Sigma Orionis. Med eit større teleskop kan ein sjå Barnard-sløyfa og Flammetåka (NGC 2024).
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Stjernebiletet Orion, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.