Slaveri

Slaveri eller trældom er ei samfunnsordning der nokre menneske blir eigde av andre, dei blir haldne som slavar.

Dette medfører at eigarane styrer over arbeidskrafta og fridomen til slavane. Ofte har dei òg rett til å straffa og mishandla slavane sine utan å ha straffeansvar.

Slaveri
Slavehald i Brasil skildra av Jean Baptiste Debret.

Slavesamfunn i historia

Slaveri 
Romersk slavemarknad måla av Jean-Léon Gérôme.

Slavane har utgjort ein svært viktig del av økonomien i fleire samfunn, mellom anna Romarriket og dei europeiske koloniane i Amerika som livnærte seg på trekanthandelen. Dei mange afrikanarane som blei ufrivillige nybyggjarar i den nye verda har hatt stor innverknad på kulturen og historia i desse landa.

I føydale system er det vanleg for ein herskar å ha mange slavar, eller liveigne, som arbeider for han. Men også i samfunn som har kalla seg demokratiske, mellom anna Aten, har ein halde slavar. I vikingtida heldt ein trælar på same måte som slavar. Trælar kunne både vera ufrie skandinavar og krigsfangar frå andre land i Europa.

I nyare tid kjenner me best til slaveri frå europeisk kolonihistorie. Gjennom slavehandelen med Afrika blei 10–15 millionar afrikanarar selde som slavar til heile Amerika. Berre éin av tre nådde fram i live, men desse blei utnytta til å produsera billege kolonivarer som bomull, kaffi og sukker.

Frå Afrika gjekk 38 % av slavane til Brasil, 17 % til spansktalande land i Sør-Amerika, 17 % til franske område i Vestindia, 17 % til britiske område i Vestindia, 6 % til dansk-norske, svenske og nederlandske område i Vestindia og 6 % til USA.

Slutt på slaveri

Slaveri 
Symbol for det britiske laget mot slaveri frå 1795, produsert av Josiah Wedgwood.

Fordømminga av slaveriet blir rekna å stamma frå Rousseau sine tankar om likeverd, og diskusjonar rundt slaveri og slavehandel verserte i både Frankrike og England frå 1760.

I 1792 vedtok Danmark-Noreg, som det første landet i verda, ein lov som forbaud handel med slavar. I realiteten var dette berre ei privatisering av handelen då forbodet i første omgang gjaldt handelen ført av den dansk-norske staten. Same loven opna derimot for både privat og utanlandsk slavehandel i danske hamner i ein tiårig overgangsperiode. Dermed auka talet på slavar frakta mellom danske hamner fram mot det fullstendige forbodet i 1802. Sjølve slaveriet blei forbode først i 1848, og mykje illegal handel fann stad frå 1802 til 1850.

I dag er slavehald forbode i det meste av verda. Likevel blir mange menneske haldne som slavar i skjul og mellom anna brukte til prostitusjon, husarbeid, industri- og landbruksarbeid.

Sjå òg

Bakgrunnsstoff

Slaveri  Wiki Commons har multimedia som gjeld: Slaveri

Kjelder

Tags:

Slaveri Slavesamfunn i historiaSlaveri Slutt på slaveriSlaveri Sjå ògSlaveri BakgrunnsstoffSlaveriSlavar

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Brad PittNapoléon BonaparteKirunaFridtjof NansenIndonesiaLepsøyaDen store brennevinsdagen25. marsSør-Fron kommuneBroen over KwaiStorspoveScrabbleHilde Lyrån923StyresettYtstetindenArne Alsåker SpildeJulius CæsarKirkenærAlaskaBjørnVerdas landIngrid Gjessing LinhaveKleopatra1960IrskAretha FranklinNasjonaldyrMediaWikiKanye WestRotfruktLangfredagsfjæreMS «Queen Elizabeth 2»AngelfossenJacob ObrechtHest14. septemberRabagastSlepvognRundeskattenNangijalaKroatiaOppdalOtto JespersenInternasjonal telefonkodeBangladeshAarne-Thompson-systemetDusjanbeSkjærtorsdagJean SibeliusMarit BjørgenBjordalStorbritanniaÄlvdalens kommunTidslinje over norsk historieHjortetakksaltGodzillaAtacamaUndergrunnsbanen i LondonNordaustpassasjenDet engelske herrelandslaget i fotballHøgaste fjell i EuropaAlderspensjonDet latinske alfabetetAndre verdskrigenSåpeAstmaKjersti Herland JohnsenEinar FørdeWikiLukkeVonBuÅttring🡆 More