Seksuelt overførbare sjukdommar er sjukdommar som typisk blir overførte gjennom seksuell omgang, som samleie, eller ved at infeksjon kjem i kontakt med uinfiserte slimhinner gjennom annan kontakt, som fødsel og amming.
Mange av sjukdommane kan også smitta gjennom infisert blod eller blodprodukt, eller ved bruk av infiserte sprøyter. Andre kan ganske enkelt smitta gjennom hudkontakt.
I denne gruppa sjukdommar finn ein typiske kjønnssjukdommar som syfilis, gonoré, klamydia, blaut sjanker (ulcus molle), lymfogranuloma inguinale og granuloma venerum. Virus som hiv/aids, hepatitt B, herpes og papillomavirus, som kan føra til kjønnsvorter og fleire former for kreft, er også seksuelt overførbare
Seksuell omgang med fleire aukar risikoen for smitte av seksuelt overførbare sjukdommar, men ein kan også få dei gjennom ein enkelt kontakt med ein infisert person. Rett bruk av kondom ved samleie senker risikoen.
Sjukdommar som er forårsaka av bakteriar kan behandlast med antibiotika. Det finst vaksinar mot nokre av virusa, som ellers ofte kan hemmast med antivirusmedisin, sjølv om ein ikkje blir kvitt viruset.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Seksuelt overførbare sjukdommar, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.