Psykologi kan definerast som vitskapen om åtferd og mentale prosessar.
Psykologar forskar på korleis menneskeleg tenking går føre seg, korleis hjernen verkar på åtferd og mentale prosessar. Barn si mentale utvikling vert studert. I tillegg studerer ein korleis menneske fungerer i høve til kvarandre, kva som skil menneske frå kvarandre og psykiske lidingar.
Hovudvekta av psykologisk forsking er naturvitskapleg, men det er òg sterke tradisjonar innan psykologien for å skjøna mennesket ut frå ein humanistisk/eksistensiell synsvinkel. Innan klinisk psykologi held mange seg framleis til tradisjonen etter Sigmund Freud. Ein kan difor seia at psykologi ligg i skjeringspunktet mellom naturvitskap, samfunnsvitskap og humaniora.
Det kanskje mest fundamentale spørsmålet i psykologien har vore om mennesket best kan skjønast ut frå arv eller miljø. I dag vert spørsmålet sett på som gamaldags. I staden undersøkjer ein korleis biologi, indre prosessar og miljø verkar saman.
Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. |
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Psykologi, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.