Landhockey er ein lagidrett i hockeyfamilien som blir spelt på mark.
Idretten går ut på å slå ein liten ball inn målet til det andre laget, og har funnest i ulike former i fleire hundre og kanskje tilmed fleire tusen år.
Moderne landhockey oppstod på 1800-talet i England og det britiske imperiet. I dag er landhockey ein av dei største ballsportane i verda, og blir spelt i oppimot hundre land. Det er ei olympisk grein både for menn og kvinner. Herrelandslaga frå India og Pakistan dominerte lenge idretten, og landhockey er rekna som nasjonalidrett i begge landa. Frå 1980-talet har laga frå Nederland, Tyskland og Australia vore blant dei sterkaste.
I Noreg er idretten organisert av Norges Bandyforbund og internasjonalt av Det internasjonale hockeyforbundet (FIH).
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Landhockey, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.