Hoste er ein refleks som medfører støytvise og kraftige utandingar (ekspirasjonar).
Refleksen blir utløyst når visse nervar i luftrøyra blir stimulerte, og mellomgolvet trekk seg automatisk saman. Lufta som er i lungene og luftvegane blir pressa ut med stor fart. Føremålet med å hosta kan vera å fjerna framande element frå luftvegane. Framande element som kroppen prøver å få vekk med hoste kan vera alt frå støv og slim i luftvegane til matbitar ein har sveld feil.
Hoste | |||
| |||
Klassifikasjonar og ressursar | |||
---|---|---|---|
DiseasesDB | 17149 | ||
MeSH | D003371 |
Under sjukdommar som forkjøling, lungebetennelse og bihulebetennelse er hoste og tørr hals svært vanleg. Hoste som varer i 8 veker eller meir blir ofte kalla kronisk hoste. Hoste kan behandlast, eller førebyggast, med middel som hostemedisin.
Denne artikkelen treng fleire referansar for verifikasjon. |
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Hoste, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.