Hjernehinnebetennelse: Akutt betennelse i hjerne- og ryggmergshinner

Hjernehinnebetennelse eller meningitt er betennelse i hjernehinna med auka tal celler i spinalvæska.

Infeksjonen skuldast oftast bakteriar eller virus, men sopp og parasittmeningittar kan også vere årsak. Meningittar vert delte inn i purulente og serøse.

Hjernehinnebetennelse: Purulent meningitt, Serøs meningitt, Kjelder
Skjematisk teikning an meninggitt

Purulent meningitt

Purulent meningitt kjem av av bakteriar, oftast meningokokkar (30 %) og pneumokokker (20 %), samt ei rekkje andre.

Meningokokkar finst hjå mange friske menneske i den naturlege halsfloraen, men kan gå over i hjernehinna ved ein øyre/nase/hals-infeksjon, eller ved dropesmitte frå individ som har det naturleg i halsen, eller frå andre sjuke individ. Hjernehinnebetennelse som er forårsaka av meningokokkbakterien Neisseria meningitidis, vert også kalla smittsam hjernehinnebetennelse.

Symptoma er aukande hovudverk og utvikling av nakke- og ryggstivleik. Eit anna karakteristisk teikn er petekkiar, men det er ikkje alle som får desse. Dessutan får ein feber, brekkingar og nedsett medvit som kan gå over i koma grunna hjerneødem. Auka hjernetrykk kan gje kramper, bradykardi og respirasjonssvikt. Fleire symptom er raude prikkar på huda som ikkje lèt seg fjerne når ein trykkjer på dei.

Det er viktig å oppsøkje lege raskt dersom ein mistenkjer meningitt, då letaliteten ligg på 10–20 %, men jo tidlegare ein oppsøkjer lege, jo betre er prognosen. Behandling skjer med diverse antibiotika, samt symptomatisk behandling. Viss ein har nakke- og ryggstivleik, feber og raude prikkar på huda, kan det vere lurt å sjekke seg for hjernehinnebetennelse.

Komplikasjonar som kan oppstå, er varig høyrselsskade og alvorleg hjerneskade.

Serøs meningitt

Serøs meningitt skuldast oftast coxacie-, ECHO-, parotitt- eller herpesvirus, og i sjeldne tilfelle tuberkelbasillar eller sopp.

Viruset vert overført ved dropesmitte, og kan også affisere sjølve hjernen og gje encephalitt.

Symptoma er fyrst som ein influensaliknande infeksjon med feber, og deretter kjem ein ny feberperiode med nakkestivleik, hovudverk og kvalme. Medvitet er som oftast ikkje påverka.

Prognosen er som oftast god, og behandlingen er berre symptomatisk. Tuberkuløs meningitt vert behandla som vanleg tuberkulose.

Kjelder

Referansar

Tags:

Hjernehinnebetennelse Purulent meningittHjernehinnebetennelse Serøs meningittHjernehinnebetennelse KjelderHjernehinnebetennelseBakterieBetennelseCelleParasittSoppSpinalvæskeVirus

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Taylor SwiftKattSkotsk musikkSkuleVardøgerTalordPoAmitav GhoshJosef StalinVinje kommuneUrokseRoald DahlEx-utstyrAsbjørnsen og MoeBjørnBernNazismeDío-ÓlymbosSaltgruveSikhismenByar i HellasStareUndertaleYngleknoppAtenBesjGreskGjest BaardsenHauge i DalaneSverd i fjellLidar kyrkje13. maiHestekraftAnarchy OnlineRaud skogfrueKvitveisHotel CaliforniaHjortetakksaltNepotismeAndScrabbleTinghaug i KleppTsjerenkovstrålingAnne HoltPolenNeymarHadesFlammepunktKnut Jørgen Røed ØdegaardÆDanmarkEtiopiaSelbu kommuneOrlogsfartøyLars Saabye ChristensenEtnisk nasjonalismeLemmingNaruhito av JapanAlanis MorissetteRagnhild HagaChristianiaMurphys lovBuddhismenKlaus Peter NickelKattugleIP-adresseØstfold fylkeHolografiNazistStrandBlåmannVoilà av Barbara PraviFolgefonnaRundeDonald TrumpIkkje-evklidsk geometri🡆 More