Bokstaven E er den femte bokstaven i det latinske alfabetet.
Alfabetet | |||||
A | B | C | D | E | |
F | G | H | I | J | |
K | L | M | N | O | |
P | Q | R | S | T | |
U | V | W | X | Y | |
Z | Æ | Ø | Å |
Det er ein fremre, halvtrong vokal. I dei semittiske og egyptiske alfabeta var han ein konsonant (ein H-lyd), men i gresk har han fått verdien e. I det eldste runealfabetet vert han skrive som den tredje runen i tredje ætt, som truleg er danna av ein liggande E. Det yngre runealfabetet har ikkje noko særskild E-teikn, men nyttar I for både E og I. I norsk viser E til både den reine e-lyden (ren, vet), æ-lyden (både kort og lang, til dømes herre) og den sentrale vokalen ə i trykklette stavingar (lese). I personnamn er e etter i (etter tysk mønster) ofte stum og viser at i er lang, til dømes Diesen.
«E – bokstav» i Store norske leksikon, snl.no.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article E, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.