Burundi

(norsk: Burundi, burundisk)

Republika y'u Burundi
République du Burundi

Det burundiske flagget Det burundiske riksvåpenet
Flagg Riksvåpen
Nasjonalsong «Burundi bwacu»
Motto
  • Ubumwe, Ibikorwa, Amajambere
  • Unité, Travail, Progrès
  • Union, Work, Progress

(Eining, arbeid, framsteg)

Geografisk plassering av Burundi
Offisielle språk Kirundi og fransk
Hovudstad Gitega (politisk), Bujumbura (økonomisk)
Styresett
Republikk
Évariste Ndayishimiye
Flatevidd
 – Totalt
 – Andel vatn
 
27 830 km² (144.)
7,8 %
Folketal
 – Estimert (2017)
 – Tettleik
 
11 466 756 (83.)
412 /km² (20.)
Sjølvstende
  - Dato
Frå Belgia
1. juli 1962
Nasjonaldag 1. juli
BNP
 – Totalt (2015)
 – Per innbyggjar
 
7 883 mill. USD (157.)
1 100 USD (192.)
Valuta Burundisk franc
Tidssone UTC +2
Telefonkode +257
Toppnivådomene .bi

Burundi er ein republikk i Aust-Afrika. Landet grensar til Rwanda i nord, Kongo i nordvest og Tanzania i aust. Landet har eit areal på like under 28 000 km², og eit anslått folketal på over 10 millionar. Den største byen er Bujumbura, medan hovudstaden er Gitega. Sjølv om landet er ein innlandsstat, ligg mykje av den sørvestre grensa langs Tanganyikasjøen.

Folkeslaga twa, tutsi og hutu har budd i landet sidan det blei oppretta for fem hundre år sidan. Burundi blei styrt som eit kongedøme av tutsiane i over to hundre år. Ved byrjinga av 1900-talet okkuperte Tyskland og Belgia regionen som kolonimakter, og Burundi blei saman med Rwanda ein europeisk koloni under namnet Ruanda-Urundi.

Regionen har opplevd mykje politisk uro, og konfliktar mellom hutuane og tutsiane førte til borgarkrig på midten av 1900-talet. I dag er Burundi styrt som ein representativ demokratisk republikk under ein president.

Burundi er eit av dei ti fattigaste landa i verda. Det har ein av dei lågaste BNI per innbyggar av alle land i verda. Landet har eit lågt bruttoinnlandsprodukt, i stor grad på grunn av borgarkrig, dårlege utdanningsmoglegheiter og verknader av HIV/AIDS. Burundi er folkerikt og opplever stor utvandring. Kobolt og kopar er blant naturressursane i landet, og hovudeksportartiklane er kaffi og sukker.

Geografi

Burundi 
Kart over Burundi

Burundi er eit av dei minste og tettast folkesetta landa i Afrika. Det har eit ekvatorialsk klima. Landet er ein del av Albertinerifta i Riftdalen og ligg på eit platå i sentrum av Afrika. Gjennomsnittshøgda på platået er 1707 moh., med lågare høgder på kantene. Den høgaste toppen er Heha på 2685 moh. Han ligg søraust for Bujumbura. Ei av kjeldene til Nilen ligg i Burundi, og heng saman med Victoriasjøen via elva Ruvyironza Victoriasjøen er også ei viktig vasskjelde, og blir fylt av vatn frå elva Kagera. Ein annan viktig innsjø er Tanganyikasjøen, som dekkar store deler av det sørvestre hjørnet til Burundi.

Landjorda i Burundi er hovudsaksleg dyrka mark og beiteland. I dag er store delar av landskapet prega av menneskeskapt savanne. Lite jord fordelt på mange menneske har ført til overbeite og overdyrking av jorda, og mye av den opphavlege vegetasjonen her er forsvunnen. Burundi slit både med avskoging, jorderosjon og øydelagde habitat for dyr og plantar. Avskoginga av heile landet kjem i stor grad på grunn av overbefolkning, og det er berre rundt600 kvadratkilometer skog igjen, eit tal som gjennom fleire år har gått ned med rundt 9 %. Landet har to nasjonalparkar; Kibira nasjonalpark i nordvest (eit lite regnskogområde på grensa til Nyungwe nasjonalpark i Rwanda), Ruvubu nasjonalpark i nordaust (langs Rurubuelva, også kjend som Ruvubu og Ruvuvu). Begge blei grunnlagde i 1982 for å verna om dyrebestanden.

Klima

Klimaet i Burundi er mykje det same som i dei austlege delane av Kongo og sørvestlege delar av Uganda. Tropisk klima gjev ein god del nedbør året rundt, bortsett frå perioden juni til september som er forholdsvis tørr. Temperaturane er derimot litt lågare enn i nabolanda på grunn av høgda. Bujumbura ligg langs den nordlege kysten av Tanganyikasjøen og har ein årleg nedbørsnormal på 848 mm. Fjellområda er derimot mykje våtare og meir skya.

Administrativ inndeling

Burundi er inndelt i 16 provinsar:

  • Bubanza
  • Bujumbura
  • Bururi
  • Cankuzo
  • Cibitoke
  • Gitega
  • Karuzi
  • Kayanza
  • Kirundo
  • Makamba
  • Muramvya
  • Muyinga
  • Mwaro
  • Ngozi
  • Rutana
  • Ruyigi

Fakta

Kjelder

Tags:

Burundi GeografiBurundi Administrativ inndelingBurundi FaktaBurundi KjelderBurundi

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

VärmlandNummererte småplanetar/2001–3000PrimstavKonglebitEngerdal kommuneVärmlandskVik kommuneAnne Grete PreusBulgarsk geografiIsbreHarry PotterNoregMeisterverkSkandinaviaOppland fylkeHundre års ensomhetKrageflagellatØystein SundeStord kommuneMímir KristjánssonRayleeKoptisk kristendomHertuginneKapp VerdeLibanonElisabeth Andreassen5. desemberAretha FranklinElektrisk isolatorDag IngebrigtsenNihilismeEuropaMagnus CarlsenStorfuglIrskFilmjølk2001FinskTorpoIngunn YssenEinar FørdeBeltegrader i judoMoskvaMorten SandøySiemens AGOkraVårsøgLudwig van BeethovenNonArgentinaHeilage NikolasSkirennaren Jo EggenJolly ColaMeisterklasseKakebuHenning MankellAC/DCPåskeøyaDalarnaToscakakeTalordMS «Venus» (1931)TsjekkiaKrysantemumLill LindforsBuckminsterfullerenPortugisiskKunstig intelligens1976Atropin🡆 More