Bly er eit grunnstoff med kjemisk symbol Pb.
Bly er eit metall i gruppe 14 i det periodiske systemet. Bly er eit uedelt tungmetall med lågt smeltepunkt. I luft vil bly vere blågrått på, sidan blyet vil regagere med oksygen og danne eit lag blyoksid på overflata. Dersom ein skrapar av dette laget vil bly vere sølvaktig, men vil oksydere og bli blågrått på nokre minutt.
| ||||||||||||||||||||||||
| ||||||||||||||||||||||||
|
Ioneradien til blyionet er omtrent lik ioneradien til Ca2+. Dette gjer at bly akkumulerer i beinvev.
Bly er eit mjukt metall med dårleg elektrisk leiingsevne. Bly er motstandsdyktig mot korrosjon.
Bly er eit lettformeleg metall og har vore brukt sidan oldtida, mellom anna til røyrlegging, ballast, som byggemateriale, bindemateriale i glasmåleri, ammunisjon som blyhagl, sats i trykking, i måling og til matkonservering. Sidan stoffet er giftig har det vore mindre brukt i moderne tid. I dag vert bly mellom anna brukt i bilbatteri, og blysambindingar har vore tilsett i bensin for å auka oktantalet.
Bly har vore kjend sidan oldtida.
Blyglans (blysulfid, PbS) er den viktigaste kjelda for bly.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Bly, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.