Astronomi

Astronomi (frå dei greske ordea astron (ἄστρον), 'stjerne', og nomos (νόμος), 'lov') er vitskapen om himmellekamar (som stjerner, planetar, kometar og asteroidar) og fenomen utanfor jordatmosfæren (som kosmisk bakgrunnsstråling).

Han tek for seg utvikling, fysikk, kjemi, meteorologi og rørslene til desse lekamane, i til|legg til utforminga og utviklinga av universet.

Astronomi
Stjernetåka Insekttåka. Raudt representerer ionisert nitrogen.
Astronomi
Galileo Galilei sine skisser og observasjonar av månen viste at han var full av fjell og krater.

Fysikken har tette band med astronomien. Mange fysiske oppdagingar kjem frå astronomiske observasjonar. Nokre viktige strukturar er solsystem og galaksar.

Astronomi er eit av dei få vitskaplege felta der amatørar enda spelar ein aktiv rolle, framfor alt i oppdaging og observering av tilfeldige fenomen som, til dømes, kometar. Astronomi skal ikkje forvekslast med astrologi, som er ein pseudovitskap der ein prøver å føreseie lagnaden til menneska gjennom å fylgje banane til himmellekamane. Dei to har liknande røter (studien av himmelen og himmellekamane) men skil seg markant i at astronomane bruker vitskaplege metodar og fakta som kan verifiserast, mens astrologar ikkje gjer det.

Astronomien var ein av dei første empiriske vitskapane, det vil seie ein vitskap der ein baserer teoriar på observasjon av faktiske hendingar i staden for filosofiske resonnement. Dette leidde til djupe konfliktar med den katolske kyrkja, som såg på filosofiske studium av Bibelen som den einaste kjelda til kunnskap, og mange tidlege astronomar som til dømes Galileo Galilei og Nikolaus Kopernikus blei forfølgde og skulda for kjetteri av kyrkja. Andre tidlege astronomar blei tvinga til å ta tilbake eller tilpasse teoriane sine for at dei skulle passe med kyrkjas verdsbilete.

Spesialområde

Metode

Sjå au

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Tags:

Astronomi SpesialområdeAstronomi MetodeAstronomi Sjå auAstronomi KjelderAstronomi BakgrunnsstoffAstronomiAsteroideFysikkGreskHimmellekamKjemiKometKosmisk bakgrunnsstrålingMeteorologiPlanetRørsle i fysikkStjerneUniversetVitskap

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Prins Harry, hertug av SussexSeglfartøyet jaktRayleeBrad Pitt20012022ØresundbruaMelhusKleopatraShagnasty IslandEM i fotball 2000Verdas språk etter utbreiingHalsnøyDen sørlege regionen i EtiopiaKanye WestIndonesiaRabagastEuropaEuroKlarälvenDei sørlege NederlandaE-nummerSverigeBulgarsk geografiChristianiaKonglebitIrskMusculus deltoideusWikimediaLasse KjusOnsdagYatzyGodzillaPokljukaIntellektuellIngunn YssenSeglvikBlåmannOle Gunnar SolskjærLindisfarne klosterAgnetha FältskogCarl Philip av SverigeAlaskaGambelaregionenOrganisasjonen av oljeeksporterande landKrysantemum26. marsGjærOkraHenning MankellDet indiske kastesystemetErna SolbergProstitusjonDen kalde krigenMeisterklasseGauderVindChristian Holberg Gran OlsenMS «Queen Elizabeth 2»HurtigrutaSkandinaviaMediaWikiDeltaSavoykålMargrethe II av DanmarkSluddHarald V av NoregSkulpturen LaksenMinar-e-PakistanVendlandCreative Commons1986Fumarole🡆 More