Amerika: Kontinent

Amerika er ein verdsdel som strekker seg nesten frå Sør- til Nordpolen.

Det grensar mot dei to store verdshava, Stillehavet og Atlanterhavet, og har svært forskjellige landskap, mellom anna svært fruktbare område som regnskogen i Amazonas og Dei store slettene i Nord-Amerika, og nokre av dei karrigaste områda i verda, som Atacama-ørkenen i Chile og Mojave-ørkenen i USA.

Amerika: Land i Amerika

Verdsdelen kan delast inn på ulike måtar. På engelsk er det vanleg å snakka om Nord- og Sør-Amerika som to ulike kontinent, ettersom dei har ulikt geologisk opphav. I andre samanhengar skil ein mellom engelsktalande Amerika og Latin-Amerika, det vil seie landa som hovudsakleg bruker romanske språk.

Namnet Amerika kjem mest truleg frå Amerigo Vespucci, eller Americus Vespuccius som han heitte på latin. America er den feminine forma, som svarer til hokjønnsforma alle dei andre verdsdelane hadde. Den første me veit brukte det var den tyske kartografen Martin Waldseemüller, som laga ein globus og eit stort kart der kontinentet hadde dette namnet i 1507.

Innbyggjarar frå kontinentet kan bli kalla amerikanarar, men dette kan òg tyda ein som kjem frå USA, nett som namnet Amerika ofte vert brukt berre om desse amerikanske sambandsstatane.

Amerika: Kontinent

Nord-Amerika

Mellom-Amerika

Sør-Amerika

Øystatar i Karibia

Tags:

Amerika Land i AmerikaAtacama-ørkenenAtlanterhavetNordpolenRegnskogen i AmazonasStillehavetSørpolenVerdsdel

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

SvartspettAfrikaVendlandFriksjonHarry PotterKlitorisLufttrykkPakistanTjeldAlexander KiellandSvastikaAfroamerikansk litteraturAtommodellAristotelesSaltBay City RollersKredittkortPyrenéhalvøyaVolda kommuneDen julianske kalenderenVaskebjørnTønsberg kommuneInnlandHovudsidePetrítsiRabagastJødedommenEMonogamiHarald EiaSikhismenHar SedomHjerneGoogle MapsSekulærKirunaEmma WatsonSanskritRekonvalesensJordaMS «Vega» (1938)Rudolf BlodstrupmoenSt Patrick's Cathedral i DublinKari Werner ØfstiEreksjonElvis PresleyUruguayEuropeisk ålHardangerfjordenEmmanouíl PappásIP-adresseStareIdeologiØyvind AlsakerStavanger kommuneArabiskDen fyrste verdskrigenAbkhasiaDzjankojSnøMyrullCharlène av MonacoBook of KellsHadeikumAlver kommuneDet buddhistiske livshjuletNynorskRanværingHellasLinn UllmannAsker TurlagMS «Venus» (1931)Troms fylkeBalderOr🡆 More