Leopard 2 er ei tysk stridsvogn med 120 mm kanon, produsert av Krauss-Maffei Wegmann (KMW) i München og Maschinenbau Kiel (MAK) i Kiel i Tyskland.
Ho er etterfølgjaren til Leopard 1.
Det norske kavaleriet opererte i 2005 52 Leopard 2A4 kjøpt inn brukt frå Nederland. Dei norske vognene er utstyrte med maskingeværet FN MAG som sekundervæpning. Vogna vart produsert mellom 1985 og 1992, med forbetringar på eldleiiing og brannslokking. Eit betre pansra tårn med titan- og wolfram-legeringar kom òg på denne modellen, som vart teken i utstrekt bruk. Det er denne vogna som Noreg nyttar framleis. Prosjektoffiser for stridsvognsanskaffelsen ved Hærens våpenskole i Norge, Christoffer Westermoen, har sagt at Leopard-2A4 er underlegen den aktuelle russiske T-72B3 i rekkevidde, eldkraft, sensorar og vern.
Denne artikkelen treng fleire referansar for verifikasjon. |
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Leopard 2, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.