Kyndelsmesse

Kyndelsmesse, formelt «Festen for framberinga av Herren i tempelet», er ein kristen feiringsdag til minne om at Jesusbarnet vart boren fram i tempelet i Jerusalem førti dagar etter fødselen.

Dagen vert feira 2. februar i vestleg og austleg kristendom, førti dagar etter jul. Dagen er ei av dei tolv store høgtidene i den ortodokse kyrkja, og ein «Principal Feast» i den anglikanske. Framføringa i Tempelet er rekna som eit av «Dei glederike mysteria» på den katolske rosenkransen. I liturgisk samanheng kan han markera slutten på jule- eller epifanitida.

Kyndelsmesse
Candlemas Day (1901) av Marianne Stokes.

Denne dagen kan mange kristne (særleg anglikanarar, metodistar, lutheranarar, ortodokse og katolikkar) ta med seg lys til kyrkja. Desse blir signa og brukt resten av året. Desse lysa kan vera symbol for Jesus, som omtalte seg sjølv som lyset i verda. Medan nokre land har tradisjon for å ta ned julepynten i samband med heilagetrekongarsaftan, er det i andre vanleg å gjera det ved kyndelsmesse.

Namn

Kyndelsmesse eller kyndelsmess er dei vanlege norske namna. Ordet kyndel (norrønt kyndill) betyr 'fakkel' eller 'lys', og kjem frå det latinske ordet candela, som ein også kjenner i det engelske candle.

latin, som blir mykje brukt i den katolske kyrkja, kallar ein festdagen Praesentatio Domini; 'Framberinga av Herren', Missa Candelarum, 'lys-messa' eller Purificatio Mariæ, 'Maria reinsing'.

Kyndelsmesse 
Herren møter Simeon. Georgisk kunstverk frå 100-talet.

Bakgrunn og tidfesting

Frambering i tempelet var ein jødisk tradisjon som fann stad førti dagar etter fødselen for gutar og åtti dagar etter fødselen for jenter; dette tilsvarar den reinsingsperioden mora måtte gjennom etter fødselen (3. Mos 12, 2–4). Festen minna også møtet mellom Jesusbarnet og Simeon (Luk 2, 25–40), og var kjend som St. Simeons dag, eller Hypapante (gresk for «møte»).

I følgje Lukasevangeliet bar Maria og Josef Jesus fram i tempelet førti dagar etter fødselen, og sidan ein først feira fødselsfesten den 6. januar vart Hypapante feira den 14. februar. Seinare vart fødselsfesten flytta til den 25. desember, derfor daterer ein framberinga til den 2. februar.

Jomfrua av Candelaria blir særleg feira rundt kyndelsmesse. Dette er ei form av jomfru Maria som blir feira fleire stader i den spansktalande verda.

Historie

Høgtida er ei av dei eldste i den kristne kyrkja, og blei feira på 300-talet i Jerusalem. Det finst preiker om høgtida frå biskopane Methodius av Patara (d. 312), Kyrillos av Jerusalem (d. 360), Gregorios av Nazianzos (d. 389), Amphilokios av Ikonium (d. 394), Gregor av Nyssa (d. 400) og Johannes Chrysostomos (d. 407). Ho er også omtalt av pilegrimen Egeria (381–384), som stadfester at feiringa fann stad til ære for framføringa av Jesus i tempelet, og nemner møtet med Simeon. Egeria skreiv at dagen vart feira i Jerusalem alt frå om lag år 386 med ein prosesjon som gjekk frå Gravkyrkja til Oppstandelsesbasilikaen. Festen var ikkje kjent for henne frå før, så han hadde truleg ikkje spreidd seg så langt på dette tidspunktet.

I 542 innførte keisar Justinianus festen i Konstantinopel. Då var han alt komen til Roma, der pave Gelasius I hadde innstifta han kring 492, men han fekk ikkje skikkeleg fotfeste i vest før under pave Sergius I mot slutten av 600-talet.

Ein heidensk romersk fest, lupercalia, hadde lenge vorten feira den 2. februar med ein prosesjon (amburale) til ære for gudinna Ceres. Ein bar lys med seg, truleg fordi festen var til minne om Ceres som leita etter dotter si, Proserpina. Samanfallet av datoane førte til at kristne tok til seg skikken.

Kyndelsmesse 
Herren vert boren fram i tempelet (Hertugen av Berry si tidebønebok frå 1412 til 1416).

Det vart etter kvart vanleg at ein velsigna lys som skulle brukast i kyrkjene under festen. I Tyskland er det dokumentert at dette vart gjort på 900-talet, og i Roma eit par hundreår seinare. Ein byrja kalla dagen for Maria si reinsing, Festum purificationis Beatae Virginis Mariae, i Frankrike på 900-talet. Dagen vart ein mariafest, og i Missale Romanum frå 1570 er han omtala slik.

Etter det andre vatikankonsilet vart festen på nytt ein kristusfest, på same måte som Maria bodskapsdag som også i lang tid hadde vore feira som mariafest. I 1969 vart det formelle namnet Praesentatio Domini, «Herrens framstilling». Ut frå katolsk teologi er dette meir korrekt, ettersom Den katolske kyrkja ser på Maria som «usmitta», og at ho derfor ikkje treng reinsing.

Kyndelsmesselys

Ein byrja signa alle kyrkjelys ein skulle bruka rituelt på kyndelsmesse tidleg i mellomalderen. Dei lysa som blei velsigna til kyndelsmesse, skulle vara heile kyrkjeåret. Men lysa vart ikkje berre brukte i sjølve kyrkja, dei kunne også takast med til heimane.

Desse lysa rekna ein med hadde ei særskild kraft. I Polen blir dei kalla gromnicy (frå gromnica, 'tore') og sette i vindauge som vern under torevêr. Dei kunne også verna mot sjukdom og vonde makter, og tende ved sottesenger.

I Noreg i seinmellomalderen blei det vanleg å leggja små velsigna lysvoksstykke frå denne kyrkjefesten inne i søljene som pynta kvinnedraktene.

Varsel

Dagen har vore brukt som vêrteikn fleire stader i Europa og Amerika. Teikna kunne endra seg med geografien. På Vestlandet i Noreg rekna ein til dømes med at finvêr denne dagen varsla fint vêr det året, medan det lenger nord, frå Nord-Trøndelag og nordover, heitte at mildvêr denne dagen ville gje dårleg vêr resten av året.

Lenger sør i Europa rekna ein gjerne solskin som eit dårleg teikn, som sa at vinteren ville vara lenger, og overskya vêr som eit godt teikn. Denne skikken er vidareført som amerikanske Groundhog Day, der det blir sagt at om eit murmeldyr ser skuggen sin denne dagen, vil vinteren vara lengre. Er det derimot overskya slik at det ikkje ser skuggen sin, vil det forlata hiet, og vinteren er over.

Kyndelsmesse i ulike land

Noreg

I Noreg var kyndelsmesse, eller kyndelsmess som han gjerne vart kalla, ein viktig festdag. Ein åt gjerne julemat, og hadde storslagne feiringar i kyrkjene. Dagen er avmerkt på primstaven, typisk med ei krone som symbol for jomfru Maria som himmeldronninga, ein kross, ei lilje eller ein sjuarma lysestake.

Feiringa markerte slutten på jula, og på stader der mannfolka var farne på fiske, har festdagen opp mot nyare tid vore kalla «kjerringjuldagen». Ein kunne eta ei kake laga på julekvelden denne dagen, kjend som julebonden.

I folketradisjonen var det vanleg å sjå på åtferda til borna denne dagen, og lesa varsel av denne. Ein kunne også ta varsel om vêret. Ein tradisjon sa at vêret kom til å vera slik det var på kyndelsmessedagen i sju veker etterpå. Sør i landet rekna ein gjerne mildvêr på kyndelsmesse som eit godt teikn, medan det frå Trøndelag og nordover bar teikn om dårleg vêr resten av året om det var mildt eller fint vêr denne dagen. Ein rekna det som vanleg at det kom hardt vêr ein gong rundt kyndelsmesse, kalla kyndelsmesserykkjen, kyndelsmesseri(d)en eller kyndelsmesseknuten. Ein rekna gjerne med at halvparten av snøen var komen ved denne dagen, noko som er reflektert i eit trøndersk munnhell: «Kyndelmesskåa er midt i snøa.» Dette var gjerne også dagen ein rekna med at halvparten av vinterfôret ville vera brukt opp. Vidare kunne ein seia at bjørnen snudde seg i hiet denne dagen.

Frostatingloven slo fast at høgtida skulle vara frå non på laurdagen til daggry på mandagen. I Noreg heldt ein på kyndelsmessfesten som heilagdag fastsett i Kristian den femtes norske lov under namnet Mariæ Renselsis Dag; han vart fjerna frå 1771 gjennom Festdagsreduksjonen (heilagdagsreforma). Då dagen var heilagdag, vart det på i kyrkja preika over evangeliet etter Lukas, 2. kapittel vers 22-32, med Simeons lovsong.

Frankrike, Belgia og Sveits

Kyndelsmesse, fransk Chandeleur, blir ofte markert med pannekaker eller crêpes i fransktalande område. Dette skal vera til minne om at pave Gelasius I delte ut pannekaker til pilegrimar som kom til Roma. Ein kan også setja skikken i samband med at vestalinnene ofra kaker laga av korn frå fjoråret under lupercalia for å få god haust neste år.

Ein pannekakeskikk knytt til grøderikdom, som går attende til 400-talet, går ut på at ein snur pannekaka i lufta medan ein held ein gullpenge i venstre hand. Dersom pannekaka landar skikkeleg vil ein få overflod heile året. Ein annan skikk gjekk ut på å ta vare på den første pannekaka ein lager i eit skap eller på toppen av skapet for å sikra god haust det påfølgjande året..

Luxembourg

I Luxembourg feirer ein Liichtmëssdag med ein julebukktradisjon der born ber lanterner eller lys, går i små grupper og syng i hus eller butikkar med håp om å få ei lita løn (i dag godter eller pengar, tidlager kunne dei få erter, flesk eller kjeks).

Mexico

Kyndelsmesse 
Meksikansk jesusbarn kledd i aztekiske klede til kyndelsmesse.

I meksikansk kultur er kyndelsmesse nært knytt til heilagetrekongarsdag. Minnefeiringa om framføringa av Jesus i Tempelet byrjer med at ein tek barnet opp frå krybba (la levantada del niño), kler det opp og tilber det, gjern i lag med fleire songar («Ya vienen los Reyes Magos», «Levantada del niño Dios», «Levantamiento del niño Jesús y Arrullo de Dios»). Dokka som symboliserer jesusbarnet blir teken til kyrkja i påkosta kede og velsigna. Ein feirer også med eit familiemåltid med tamales.

Kyndelsmesse 
Diablada-dansarar under Fiesta de la Candelaria i Peru.

Peru

Jomfrua av Candelaria er vernehelgen for byen Puno i Peru. Ho blir feira dei første to vekene av februar kvart år. Høgtida er ei av dei største for musikk, dans og kultur i Peru, med deltaking frå aymarafolk, quechuaer og mestizoar frå Altiplano. Det blir framført ei rekkje dansar, mange av dei kostymedansar. Desse omfattar rundt 40 000 dansarar og 5 000 musikarar, i tillegg til fleire tusen andre som er indirekte involverte.

Spania

Ifølgje tradisjonen fann to guanchefolk på Tenerife ein statue av jomfru Maria med eit barn på stranden ei tid før 1400. Statuen fekk etterkvart ei stor feiring på kyndelsmessedagen. Gjennom spansk utvandring via Kanariøyane spreidde kulten seg til Amerika og Filippinane.

Storbritannia

Kyndelsmesseopptog blei haldne fleire stader i Storbritannia i mellomalderen. Aberdeen hadde ein prosesjon denne dagen, medan Marialauget i Beverley i Yorkshire hadde ein prosesjon som enda med eit kort skodespel. Denne prosesjonen var leia av medlemmer kledde som Maria med ein barnefigur, Josef og Simeon, og omfatta englar og andre medlemmer som bar vokslys. I Swaffham i Norfolk er det dokumentert frå 1500-talet at det blei sett opp ein scene for eit skodespel til kyndelsmessedagen.

I Storbritannia var kyndelsmesse (engelsk Candlemas) lenge ein av fire faredagar i året der ein skulle betala leige, fullføra forretningar og hyra tenestefolk. Dette varte ved fram tiil 1700-talet nord i England, og i nokre høve fram til ei lovendring i 1991 i Skottland.

Denne dagen kunne ein planta bønner, reflektert i eit ordtak frå 1600-talet: «Candlemas day, put beans in the clay; put candles and candlesticks away».

Sjå òg

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Kyndelsmesse  Commons har multimedium som gjeld: Kyndelsmesse
Kyndelsmesse  Wikifrasar har ei sitatsamling som gjeld: Kyndelsmesse

«kyndelsmesse» i Store norske leksikon, snl.no.

  • Kyndelsmesse ved Norsk historisk leksikon/lokalhistoriewiki.no

Tags:

Kyndelsmesse NamnKyndelsmesse Bakgrunn og tidfestingKyndelsmesse HistorieKyndelsmesse lysKyndelsmesse VarselKyndelsmesse i ulike landKyndelsmesse Sjå ògKyndelsmesse KjelderKyndelsmesse BakgrunnsstoffKyndelsmesse2. februarDei tolv store høgtidene i den ortodokse kyrkjaDen anglikanske kyrkjaEpifaniJerusalemJesus KristusJulLiturgiRosenkrans

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Claudio LangesHepatitt C-virusStorfuglHenning SolbergSamuel MassieTegan and SaraSpedbarnPiknikkorgKonform avbildingROBEKCelina MidelfartJørn Lier HorstReirJonas LieErik AndersenØrnMount Salisbury i AntarktisNord-EuropaHumleKelly ClarksonMiljøproblemErnst JosephsonSennesvikAbrogera15. januarStein EriksenLonely and BlueTysklandAlfred MaurstadHardy-gutteneFredrik SolvangEtiopiaFascismeJamie MuirNatriumkloridKulturindustrienDu må ikke soveAnne HoltUniversity of FloridaAusterrikeRussisk litteraturParagraf633KillingDei sameinte nasjonaneGoogle MapsGardasjøenDei fire årstideneEnrico CarusoKonsentrasjonsleirNorsk Barneblads ForlagVik kommuneDen kalde krigenGarden KatthultSunndalsøraUngkarErnst VettoriUkrainaKalebassGezer regionale kommuneMayo ClinicStand by MeBruno CoutinhoNorsk fonologiStorbritanniaNonErlend Blaalid OldeideAdei AdPanterPlussVerdas landSeljeUnicornJacob Tullin ThamsÁrakhthos i ÁrtaIvar Aasen🡆 More