Hans Florian Zimmer (fødd 12.
september">12. september 1957) er ein tyskfødd filmmusikkomponist busett i Los Angeles, California.
Hans Zimmer | |
Statsborgarskap | Tyskland, USA |
Fødd | 12. september 1957 (66 år) Frankfurt am Main |
Yrke | komponist, gitarist, pianist, musikkprodusent, filmmusikkomponist |
Språk | engelsk, tysk |
Medlem av | Helden |
Ektefelle | Vicki Carolin, Suzanne Zimmer |
Nettstad | https://www.hanszimmerlive.com/ |
Hans Zimmer på Commons |
Zimmer vart fødd i Frankfurt, og flytte til London som tenåring. Han starta den musikalske karrieren sin ved å spela keyboard og synthesizer for banda Ultravox og The Buggles (kjend for songen Video Killed the Radio Star) med fleire. I London møtte han filmmusikkomponisten Stanley Myers, og dei to starta eit samarbeid i lag innan filmmusikk.
Zimmer laga sin fyrste filmmusikkk på eiga hand med filmen Terminal Exposure frå 1987. Han var produsent for filmmusikken til Den siste keiseren frå same året, som vann Oscar for beste filmmusikk.
Gjennombrotet til Zimmer kom likevel med filmen Rain Man frå 1988. Zimmer komponerte musikken åleine, og filmen vart nominert til ein Oscar for beste filmmusikk. Etter dette har Zimmer komponert musikken til ei rekkje Hollywood-filmar og vunne både Oscar-prisar, Grammy-prisar, Satellite Awards og fleire andre utmerkingar for arbeidet sitt. Nokre av dei mest kjende er filmmusikken til Gladiatoren (i samarbeid med Lisa Gerrard), Prinsen av Egypt, Rødt hav, Jakten på Rød Oktober, Løvenes konge og The Rock.
2010
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Hans Zimmer, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.