Fastelavn

Fastelavn (frå mellomplattysk vastel-avent, eigentleg 'fasteaftan') er dei tre dagane før faste i nordeuropeisk tradisjon.

Fastelavn
Fastelavnopptog i Danmark på 1800-talet.
Fastelavn
Fastelavn feira med karneval i Rio de Janeiro.
Foto: Sergio Luiz

Tidlegare vart nemninga brukt på kvelden før fasta, som byrjar oskeonsdag. Deretter vart ho utvida til å omfatte heile fastelavnssøndag, blåmåndag og feittysdag.

I mange land brukar dei ordet karneval på tida før faste. I Noreg vil dei fleste likevel vise til utkledingsfestar, ein av skikkane knytt til fastelavn, når dei seier «karneval».

Fastelavnssøndag vil alltid falle på ein søndag 49 dagar (7 veker) før 1. påskedag, det vil seia i tidsrommet 1. februar til 7. mars, eller i skotår 2. februar til 7. mars.

År Dato for fastelavn
2023 søndag 19. februar
2024 søndag 11. februar
2025 søndag 2. mars
2026 søndag 15. februar

Heidenske skikkar

Fleire heidenske skikkar vart tekne med i fastelavnsfeiringa. Desse skikkane spelte på overgangen frå vinter til vår. Best bevart er fastelavnsriset, som vart bruka som ein fruktbarheitsvekkar. Både jorda framom plogen, tre, dyr og kvinnene i familien fekk seg ein runde med riset.

Andre skikkar var utkledningsleikar, våpenkampar, brenning av rituelle bål, og det noko sære med å spenne nakne jomfruer framom plogen.

Fastelavn i dag

Fastelavn blir ofte forbunde med karneval, både i Noreg og i utlandet. Her heime er det gjerne ungane som kler seg ut. Nokre av dei mest kjende karnevala utanlands finst i Rio de Janeiro, New Orleans, Venezia og Luzern.

Det er vanleg å plukke inn bjørkegreiner og laga fastelavnsris. Typisk kosemat under fastelavn er fastelavnsbollar og berlinerbollar.

Sjå òg

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Fastelavn  Commons har multimedium som gjeld: Fastelavn
Fastelavn 

Fastelavn

Faste

Tags:

Fastelavn Heidenske skikkarFastelavn i dagFastelavn Sjå ògFastelavn KjelderFastelavn BakgrunnsstoffFastelavnFastePlattysk

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Petter EideBoge i arkitekturenDen gregorianske kalenderenMarie CurieØrsta kommuneDiktOdd NerdrumKattTutankhamonVendlandMarianne Sivertsen NæssBill ChamplinEnglandStord kommuneIndonesiaTyrkiaGonzález IslandFylkesveg 751 (fleirtyding)ZoologiWikiNord-KoreaOverarmsbeinAristotelesDemi LovatoTørkeTherese BjørneboeSjantiWikipediaMiddelhavetNorske dialektarNew ZealandBerlinblokadenMariann Vestbøstad MarthinsenGrønlandPeriferieininga IoánninaParasittologiVerkstadSteve PorcaroOdinGeorg III av StorbritanniaMount EverestHerbert HooverNero av RomarriketDanmarkMikal KirkholtOuverture i fransk stilSamanlikning av jødedommen og kristendommenDronninga av SabaAlaskaRusslandEnaresjøen1300-taletRekreasjonBarack ObamaThomas A. DorseyJordskorpeplateBrasilNorsk folkedansMenneskeElizabeth II av StorbritanniaÆrfuglCate BlanchettMetanolAsbjørnsen og MoeMISSNArtemisIranMeråkerVan der VeenstraumenNorskPH-meterJacob Tullin ThamsAfrika157Sverige🡆 More