A: Bokstav i det latinske alfabetet

A (a) er den fyrste bokstaven i det latinske, eigentleg romerske, og i det kyrilliske alfabetet.

Det er òg første bokstaven i det greske alfabetet (A, α) som ligg til grunn for det latinske, og i det fønikiske som det greske stammer frå. I den opphavlege biletskrifta har teiknet vore eit kuhovud med horn. I semittiske språk viser bokstaven til ein ustemt strupelyd som dannast ved at stemmebanda vert pressa saman og så blir sprengt frå kvarandre. Bokstaven heiter 'alif på arabisk og 'alef på hebraisk (' syner til strupelyden). På gresk heiter han alfa. Gresk har ikkje noko slik strupelyd, og der fekk teiknet lydverdien a. Dei semittiske alfabeta har ingen teikn for vokalar. I dei eldste greske innskriftene er teikne ein liggande A. Etruskarane tok opp det greske alfabetet og kalla bokstaven a. Frå dei kjem bokstaven og namnet til romarane, og frå dei gjennom fleire mellomledd til oss.

A
A: Versalen «A» kan stå for:, Minuskelen «a» kan stå for:, Historie
Bruk
SkriftsystemLatinsk skrift
TypeAlfabet
OpphavsspråkLatin
Fonetisk bruk[a]
[ɑ]
[ɒ]
[æ]
[ə]
[ɛ]
[]
[ɔ]
[e]
[ʕ]
[/ʌ/]
//
UnicodeU+0041, U+0061
Plass i alfabetet
Talverdi: 1
Historie
Utvikling
F1
Tidsperiode~-700 til no
Etterkomarar • Æ
 • Ä
 • Â
 • Ɑ
 • Ʌ
 • Ɐ
 • ª
 • Å
 • ₳
 • @
 • Ⓐ
 • ⓐ
 • ⒜
 • 🅰
Slektningar𐌰
А
Я
Ә
Ӑ
א
ا
ܐ


𐎀


ء
Ա ա


Anna
Vanleg tilknytte bokstavarae, eau
Tilknytte tal1
SkriveretningVenstre til høgre

I den eldre runerekka var han det 4., i den yngre det 10., teiknet. A viser på norsk den mest opne av vokalane. Bokstaven A vert nytta i mange teikn- og forkortingssystem.

Versalen «A» kan stå for:

  • nasjonalitetsmerke på bilar frå og føre postnummer i Austerrike
  • måleeininga for elektrisk straum (ampere) i SI-systemet
  • symbol for nukleontal (massetal), talet på nukleonar i ein atomkjerne. Vert skriven i kursiv: A.
  • Tonen A, ein note i musikken, ein einstroken A vert også kalla kammertone
  • eit vitamin
  • beste karakteren i høgare utdanning i Noreg
  • kortet «ess» i kortspel (engelsk «Ace»)
  • forkorting for anno, 'i året'
  • På tyske bilskilt: Augsburg
  • På norske bilskilt frå før 1971: Oslo
  • på eit ur står A for retning. Det er ei forkorting for fransk avancer, som tyder «gå framover». Det syner kva retning reguleringshaka eller pendelen skal stillast for å få uret til å gå raskare.
  • forkorting for flytypen Airbus.
  • på romerske myntar forkorting for Augustus.
  • musikkalbumet A av Jethro Tull.

Minuskelen «a» kan stå for:

  • prefikset atto-, ein trilliondel, (=10-18) i SI-systemet
  • flateeinga ar, lik 100 m²
  • fransk preposisjon (à) som tyder til, opp, på eller for. På norsk vert det nytta i ein del franske uttrykk, til dømes à la carte, à jour, à la mode. I omtale av omtrentlege tal 2 à 3 dagar, 10 à 12 timar. Det vert òg nytta som handelsuttrykk, med tydinga til: 2 kg à kr 5,00.
  • gresk preposisjon som tyder ikkje- eller u-, døme afasi, atypisk. Framfor vokal vert an- brukt, døme analfabet, anarki
  • italiensk preposisjon som tyder i, på, til, med, ved
  • om igjen (ã, ãã, a eller aa), frå gresk ana. Brukt mellom anna i reseptar for å oppgje «like mykje av kvart»
  • a eller ab tyder av eller frå.
  • à tyder til, for eller på.
  • a- vert nytta som ein nektande partikkel som forstaving i framandord, til dømes atypisk. Føre vokalar vert forma an- nytta, til dømes analfabet.

Historie

Truleg var A opphavleg eit piktogram av eit oksehovud i egyptiske hieroglyfar eller det proto-semittiske alfabetet, som gjennom dei fønikiske og greske alfabeta kom med i det noverande latinske alfabetet.

A: Versalen «A» kan stå for:, Minuskelen «a» kan stå for:, Historie 
Egyptisk hieroglyf
oksehovud
A: Versalen «A» kan stå for:, Minuskelen «a» kan stå for:, Historie 
Proto-semittisk
oksehovud
A: Versalen «A» kan stå for:, Minuskelen «a» kan stå for:, Historie 
Fønikisk alef
A: Versalen «A» kan stå for:, Minuskelen «a» kan stå for:, Historie 
Gresk alfa
A: Versalen «A» kan stå for:, Minuskelen «a» kan stå for:, Historie 
Etruskisk A
A: Versalen «A» kan stå for:, Minuskelen «a» kan stå for:, Historie 
Romersk A

Typografi

A: Versalen «A» kan stå for:, Minuskelen «a» kan stå for:, Historie 
Blackletter A
A: Versalen «A» kan stå for:, Minuskelen «a» kan stå for:, Historie 
Uncial A
A: Versalen «A» kan stå for:, Minuskelen «a» kan stå for:, Historie 
A: Versalen «A» kan stå for:, Minuskelen «a» kan stå for:, Historie 
Modern Roman A
A: Versalen «A» kan stå for:, Minuskelen «a» kan stå for:, Historie 
Modern Italic A
A: Versalen «A» kan stå for:, Minuskelen «a» kan stå for:, Historie 
Modern Script A

Tags:

A Versalen «» kan stå for:A Minuskelen «a» kan stå for:A HistorieA TypografiAAlfaArabiskBokstavDet greske alfabetetDet kyrilliske alfabetetDet latinske alfabetetEtruskaraneHebraisk

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Q.E.D.Huai'anEdward SnowdenTurn under Sommar-OL 1980Ivar AasenBliksværEselPyramidekabalVaktelMuflonHalelause padderSkottlandEinar TambarskjelveTone Wilhelmsen TrøenHovudtelefonMargrethe II av DanmarkVoss heradSjokoladen HobbyHenningsværbrueneEinar FørdeKåre Magnus BerghÉdith PiafKjell Magne BondevikRundeKnut Marius DjupvikHar SedomGoogleUndergrunnsbanen i LondonKveiteMaputoUnilever5. oktoberRabagastAllahu akbarNoregSvastikaGeorgiaAnne Lise GjøstølTyrkiaHovudsideGudbrandsdalenThoriumkraftverkIltalehtiKirgisistanVulkanar i ItaliaBirger EriksenThornton Wilder1976AppelsinMari MaurstadAmerikanske urfolkspråkO helga nattFurlongSogndal kommuneMidsommarGrosgrainGjærPrince Edward IslandKnapstadHalsnøyMS «Queen Elizabeth 2»BjordalBosnia-HercegovinaSlaget om StalingradMeisterklasseEuroSofia av Sverige1922WikiKleopatraThe Star-Spangled BannerC🡆 More