Mandarin er ei gruppe kinesiske dialektar tala i større delar av nordre og sørvestre Kina.
Omgrepet byggjer på embetsmannsspråket brukt som standardspråk av kinesiske embetsmenn (kjend som «mandarinar» i Vesten) frå ulike geografiske område.
Mandarin 官話/官话 guānhuà | ||
Klassifisering | Sino-tibetanske språk Sinittisk | |
Bruk | ||
Mandarintalande i alt | 955 millionar (2010) | |
Språkkodar | ||
ISO 639-3 | cmn | |
|
Med mandarin meiner ein vanlegvis standardkinesisk bruka i daglegtale, som byggjer på Beijing-målet. Den lingvistiske definisjonen av mandarin inkluderer derimot eit stort tal nordkinesiske dialektar som seg imellom ofte er uforståelege. Denne definisjonen blir sjeldan brukt av innfødde talarar for å beskrive språkidentiteten sin, og enkelttalarar er ikkje alltid klar over den mykje breiare lingvistiske definisjonen. I staden brukar dei namnet på den dialekten dei sjølv reknar å ha tilhøyrsel til, til dømes sichuandialekten eller nordaustkinesisk. Det finst ikkje noko felles identitet som foreiner samtlege talarar av mandarindialektar, sjølv om kjensla av regional identitet ofte er svært sterk.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Mandarinspråk, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.