Human Development Index (HDI, norsk: Indeksen for menneskeleg utvikling) er på same måten som bruttonasjonalprodukt (BNP) eit mål for velstand i landa i verda.
Medan BNP måler rikdommen til eit land, er HDI meint å gje eit meir komplett bilete, ettersom det inkluderer fattigdom, lese- og skrivedugleik, utdanning, forventa levealder, fødselstal og andre faktorar. HDI vart utvikla av den pakistanske økonomen Mahbub ul Haq (1934–1998), og har sidan 1990 vorte brukt i FN sin årlege rapport Human Development Report. HDI vert oppgjeve på ein skala frå 0 til 1, der 1 er best. I rapporten frå 2007 ligg Island, Noreg og Australia øvst på lista, medan Guinea-Bissau, Burkina Faso og Sierra Leone ligg nedst.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Human Development Index, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.