The Wall Street Journal er ei internasjonal dagsavis som blir gjeven ut i New York.
I 2006 hadde ho eit gjennomsnittleg dagleg opplag på over 2,1 mill., i tillegg til 400.000 abonnentar på nettutgåva. Dette gjorde henne til den største avisa i USA etter USA Today. Sidan 1976 og 1983 har avisa hatt særlege utgåver i høvesvis Europa og Asia; desse utgåvene kom ut i eit opplag på kring 80.000 eksemplar kvar.
The Wall Street Journal | |||
| |||
Land | USA | ||
---|---|---|---|
Type | Dagsavis, vitskapleg tidsskrift | ||
Grunnlagd | 8. Juli 1889 | ||
Eigarar | Dow Jones & Company | ||
Grunnlegger(ar) | Charles Dow, Edward Jones | ||
Utgjevar | Dow Jones & Company | ||
Språk | Engelsk | ||
Hovudkvarter | New York by | ||
ISSN | 0099-9660, 2574-9579 | ||
OCLC | 4299067 | ||
Nettstad | https://www.wsj.com/ (engelsk), https://cn.wsj.com/ (kinesisk), https://jp.wsj.com/ (japansk), https://cn.wsj.com/zh-hant (standardmandarin), https://cn.wsj.com/zh-hans (standardmandarin) |
Avisa var tidlegare eigd av Dow Jones & Company. 31. juli 2007 blei ho kjøpt for 5,8 milliardar dollar av mediemagnaten Rupert Murdoch og hans News Corporation, som allereie eigde eit verdsomspennande nettverk av aviser og tv-stasjonar, som Fox News.
The Wall Street Journal dekker først og fremst nyheiter og bakgrunnsstoff om amerikansk og internasjonalt næringsliv og finansverda. I tida mars–september 2009 var opplaget 2 024 269, ei stiging på 0,6 % på eit år. The Wall Street Journal var den einaste store avisa i USA som ikkje hadde synkande opplag i denne perioden.
The Wall Street Journal har kome ut utan avbrot sidan ho blei grunnlagd av Charles Dow, Edward Jones og Charles Bergstresser den 8. juli 1889. Ho har vunne den prestisjefylte pulitzerprisen ei rekkje gonger.
Hovudkonkurrenten til Wall Street Journal er engelske Financial Times, som òg finst i fleire utgåver.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article The Wall Street Journal, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.