Selura er ein næringsfattig innsjø som ligg i Flekkefjord kommune i Agder fylke.
Innsjøen ligg 31 moh. og er 118 m djup på det djupaste. Han har utløp mot aust til indre fjordbasseng i Flekkefjorden ved tettstaden Drangeid. Fossefallet der vart brukt av ein del industri, som f.eks. tønnefabrikk (nedlagt 1987), karosserifabrikk og Aarnes Garveri (nedlagt 2013). Langs vatnet si nordside ligg gardane Lilledrange, Glendrange og Stordrange.
Selura | |||
innsjø | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Agder | ||
Kommune | Flekkefjord | ||
Høgd over havet | 31 moh. | ||
Areal | 6,01 km² | ||
Største djupn | 118 m | ||
Kystlengd1 | 31,48 km | ||
Koordinatar | 58°18′33″N 06°42′41″E / 58.30917°N 6.71139°E | ||
Selura 58°18′33″N 6°42′41″E / 58.309166666667°N 6.7113888888889°E | |||
1 Kystlengd er eit unøyaktig mål som kanskje ikkje er standardisert for denne artikkelen. |
Austsida er prega av ei steil nord-sørgåande fjellside, der ein finn gardane Reppen, Seland, Helland, Løyning, Slåta, Nedrejord og Rødland oppe i sida. Denne fjellrekka i aust har truleg gitt namn til innsjøen.
Egenes er ein stor morenerygg som nesten deler vatnet i to i sør ved Nulandsvika, der ein finn Egenes Camping. I sørenden av vatnet finst òg industriområde som er knytt til E39 ved Trøngsla.
Selura er rik på fisk, men fisken er liten. Fiskeartane i Selura er aure, ål og røye.
Denne artikkelen treng fleire referansar for verifikasjon. |
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Selura, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.