Nazareth er eit skotsk hardrockband skipa i Dunfermline i 1968.
Gruppa hadde ei stordomstid på midten av 1970-talet med arenarock-hitlåtar som balladecoveret sitt av «Love Hurts» og songane «Hair of the Dog» og «This Flight Tonight».
Nazareth | |||
| |||
Aktiv | 1968– | ||
---|---|---|---|
Sjanger | hardrock, tradisjonell metal | ||
Plateselskap | Eagle Records | ||
Medlemmer | Jimmy Murrison Pete Agnew Lee Agnew Carl Sentance |
Gruppa blei skipa i desember 1968 av attverande medlemmar frå den halvprofesjonelle lokale gruppa The Shadettes, som var blitt danna i 1961. Vokalisten var Dan McCafferty, gitaristen Manny Charlton, bassisten Pete Agnew og trommeslagaren var Darrell Sweet. Gruppa var inspirert av The Beatles og The Rolling Stones. Dei tok namnet Nazareth frå Nazareth i Pennsylvania, som er omtalt i fyrstelinja til The Band-songen «The Weight» («I pulled into Nazareth, was feelin' about half past dead...»).
Nazareth flytta frå Skottland til London i England i 1970, og gav ut det eponyme debutalbumet sitt i 1971. Etter å ha fått ein del merksemd for det andre albumet sitt Exercises frå 1972, varma Nazareth opp for Deep Purple på turné, og gav ut Razamanaz, produsert av Roger Glover, tidleg i 1973. Frå dette fekk dei to hittsinglar på ti på topp-lista, «Broken Down Angel» og «Bad Bad Boy». Loud 'N' Proud følgde seint i 1973, med ein coverversjon av Joni Mitchell sin song «This Flight Tonight» som også blei ein hitt.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Nazareth, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.