«Lonely Comin' Down»
I Will Always Love You Singel av Dolly Parton frå albumet Jolene | ||
B-side | ||
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 11. mars 1974 | |
Innspelt | 1973 | |
Studio | RCA Studio B (Nashville) | |
Sjanger | Country | |
Lengd | 2:53 | |
Selskap | RCA Nashville | |
Komponist | Dolly Parton | |
Tekstforfattar | Dolly Parton | |
Låtskrivar(ar) | Dolly Parton | |
Produsent | Bob Ferguson | |
Dolly Parton-kronologi | ||
«Jolene» (1973) | I Will Always Love You | «Love Is Like a Butterfly» (1974) |
«I Will Always Love You» er ein song skriven og opphavleg spelt inn i 1973 av den amerikanske countrysongaren Dolly Parton. Countryversjonen hennar kom ut på singel i 1974 og var skriven som eit farvel til den tidlegare partnaren og mentoren hennar i sju år, Porter Wagoner, etter at Parton valde å forlate The Porter Wagoner Show og satse på ein solokarriere.
Parton si utgåve av «I Will Always Love You» vart ein suksess, og gjekk til topps på Billboard Hot Country Songs-lista to gonger. Den første gongen var i juni 1974, og den andre var i oktober 1982 etter ei nyinnspeling for filmen The Best Little Whorehouse in Texas. Ho nådde dermed toppen av lista to gonger med same songen, noko som berre Chubby Checker hadde gjort tidlegare med «The Twist» i 1960 og igjen i 1962.
Whitney Houston spelte inn sin versjon av songen i 1992 for filmen The Bodyguard. Singelen hennar låg 14 veker på toppen av Billboard Hot 100-lista, som då var ny rekord, og er ein av dei bestseljande singlane nokon gong. Det held rekord for å vere den bestseljande singelen av ei kvinne i musikkhistoria. Houston-utgåva av «I Will Always Love You» gjekk inn att på lista i 2012 etter ho døydde, og vart den andre singelen nokon gong som nådde topp 3 på Billboard Hot 100 i to forskjellige periodar. Songen er blitt spelt av mange andre artistar, som Linda Ronstadt, John Doe, Amber Riley, LeAnn Rimes og Sarah Washington, i ein dance-versjon som nådde 12. plassen på UK Singles Chart.
Countrysongaren Dolly Parton skreiv songen i 1973 for den tidlegare partnaren og mentoren Porter Wagoner, som ho hadde arbeidd med i sju år, før ho no skulle satse på sin eigen solokarriere. Ho spelte inn songen i RCA Studio B i Nashville den 12. juni 1973. «I Will Always Love You» kom ut på singel 18. mars 1974, som den andre singelen frå det trettande soloalbumet hennar, Jolene (1974). I 1982 spelte Parton inn songen på nytt for filmen The Best Little Whorehouse in Texas. I tillegg ti 1982-innspelinga for filmen, vart den originale 1974-innspelinga til Parton nytta i Martin Scorsese-filmen Alice Doesn't Live Here Anymore, og filmen It's My Party i 1996. Songen vann Parton prisen for årets kvinnelege vokalist i 1975 under CMA Awards.
Forfattaren Curtis W. Ellison skreiv at songen «snakkar om slutten av eit forhold mellom ein mann og ei kvinne som ikkje endar i urokkeleg uro i heimen, men der det i staden skjer med respekt - på grunn av initiativet til kvinna». I følgje notearket publisert på musicnotes.com av Hal Leonard Corporation, er countryballaden i 4/4-takt med eit tempo på 66 taktar per minutt (Larghetto/Adagio) Sjølv om Parton fann mykje suksess med songen, er det mange som ikkje er klar over opphavet. Under eit intervju sa manageren til Parton, Danny Nozel at «ein ting me fann ut frå American Idol er at folk flest ikkje veit at Dolly Parton skreiv songen». Under eit intervju på The Bobby Bones Show, sa Dolly Parton at ho skreiv signatursongen «Jolene» same dagen som ho skreiv «I Will Always Love You.»
Fleire gonger (lenge før Whitney Houston spelte inn songen), føreslo Dolly Parton for songaren Patti Labelle at ho skulle spele inn «I Will Always Love You» fordi ho meinte at Labelle kunne syngje han bra. Men Labelle innrømde at ho utsette sjansen til å gjere dette og angra djup seinare når ho høyrde Whitney Houston-utgåva.
Den originale utgåva i 1974 nådde fjerdeplassen i Canada på den kanadiske countrylista og toppen av den amerikanske Billboard Hot Country Songs-lista, der det vart ein av dei bestseljande singlane i 1974.
Då Parton spelte inn songen på ny 1982 for filmen The Best Little Whorehouse in Texas, vart den nye versjonen gjeve ut på singel på ny og nok ein gong gjekk han til topps på Hot Country Songs-lista - den første gongen ein artist gjekk til topps to gonger med same song. 1982-versjonen nådde òg 53. plassen på Billboard Hot 100 og 17. plassen på adult contemporary-lista.
Parton spelte ein duett med Vince Gill i 1995 for albumet Something Special, og duettversjonen av «I Will Always Love You» gjekk òg inn på Billboard country-lista og nådde 15. plassen. Parton og Gill fekk CMA-prisen for beste vokalhending i 1996 for songen. Ein annan duettversjon kom ut i 2017 med Michael Bolton på albumet hans Songs of Cinema.
Då 1974-innspelinga av songen nådde toppen av countrylista, indikerte Elvis Presley at han ønskte å spele inn songen. Parton var interessert fram til manageren til Presley, Colonel Tom Parker, sa at det var standard prosedyre for låtskrivaren å signere over halvparten av forlagsrettane av songane som Elvis spelte inn. Parton nekta. Ho fortalte: «Eg sa, 'Eg er verkeleg lei meg' og eg gret heile natta. Det var som om det verste som kunne skjedd. Det var som 'herregud ... Elvis Presley.' Og andre sa 'Du er sprø. Det er Elvis Presley.' Og eg sa 'eg kan ikkje gjere det'. Noko i hjartet mitt sa 'Ikkje gjer det'. Og eg valde å takke nei. Han kunne ha spelt ein kanonbra versjon. Men han gjorde altså ikkje det. Så då Whitney kom ut med sin versjon, tente eg nok pengar til å kjøpe Graceland.»
Liste (1974) | Plassering |
---|---|
Canada Country Tracks (RPM) | 4 |
US Hot Country Songs (Billboard) | 1 |
I Will Always Love You Singel av Dolly Parton frå albumet The Best Little Whorehouse in Texas | ||
A-side | «Do I Ever Cross Your Mind» | |
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 12. juli 1982 | |
Innspelt | Kring februar 1982 | |
Studio | RCA Studio B (Nashville) | |
Sjanger | Country | |
Lengd | 2:53 | |
Selskap | RCA Nashville | |
Komponist | Dolly Parton | |
Tekstforfattar | Dolly Parton | |
Låtskrivar(ar) | Dolly Parton | |
Produsent |
| |
Dolly Parton-kronologi | ||
«Heartbreak Express» (1982) | I Will Always Love You | «Hard Candy Christmas» (1982) |
Parton spelte inn songen i 1982 for The Best Little Whorehouse in Texas. Han kom ut 12. juli 1982 som den første singelen frå filmusikkalbumet, og gjekk nok ein gong til topps på Billboard Hot Country Singles-lista. Berre Chubby Checker hadde tidlegare klar å nå toppen av ei Billboard-liste to gonger med same song, då han gjorde det med «The Twist» som nådde toppen av lista i 1960 og igjen i 1962.
Billboard gav ei positiv melding av songen og skreiv: «Den første singelen frå The Best Little Whorehouse in Texas er ikkje den typiske kjenningsmelodien som vanlegvis lanserer ein stor filmmusikal. Her gjentolkar Parton ein av dei tidlegare popsongane sine, og medan eldre fans er delte over den meir luftige, meir stiliserte versjonen ho kjem med her, er songen i seg sjølv framleis ein herleg ballade med eit høgtflygande refreng.»
Liste (1982) | Plassering |
---|---|
Australia (Kent Music Report) | 72 |
Canada Top Singles (RPM) | 8 |
Canada Adult Contemporary (RPM) | 1 |
Canada Country Tracks (RPM) | 1 |
US Billboard Hot 100 | 53 |
US Adult Contemporary (Billboard) | 17 |
US Hot Country Songs (Billboard) | 1 |
I Will Always Love You Singel av Dolly Parton og Vince Gill frå albumet Something Special | ||
B-side | «Speakin' of the Devil» | |
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | November 1995 | |
Innspelt | 1995 | |
Sjanger | Country | |
Lengd | 3:17 | |
Selskap | Columbia | |
Komponist | Dolly Parton | |
Tekstforfattar | Dolly Parton | |
Låtskrivar(ar) | Dolly Parton | |
Produsent |
| |
Dolly Parton og Vince Gill-kronologi | ||
«When You Tell Me That You Love Me» (1994) | I Will Always Love You | «Just When I Needed You Most» (1996) |
Parton spelte inn «I Will Always Love You» i 1995 som ein duett med Vince Gill for albumet hennar, Something Special. Etter ei framføring den 26. august i Grand Ole Opry som gjekk på lufta på TNN, byrja radiostasjonar å spele versjonen, som så gjekk inn på 53. plassen på Billboard Hot Country Singles & Tracks-lista. Etter ei framføring på CMA Awards, vart songen offisielt gjeven ut på singel i november 1995 og han klatra til 15. plassen på lista. Dette var tredje gongen Parton hadde nådd topp 20 med songen. Songen vart nominert til Grammyprisen for beste countrysamarbeid med vokal og vart kåra til årets vokalhending under CMA Awards.
Liste (1995) | Plassering |
---|---|
Canada Country Tracks (RPM) | 22 |
US Hot Country Singles & Tracks (Billboard) | 15 |
I Will Always Love You Singel av Whitney Houston frå albumet The Bodyguard: Original Soundtrack Album | ||
B-side |
| |
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 6. november 1992 | |
Innspelt | 22. april 1992 | |
Sjanger | ||
Lengd | 4:31 | |
Selskap | Arista | |
Komponist | Dolly Parton | |
Tekstforfattar | Dolly Parton | |
Låtskrivar(ar) | Dolly Parton | |
Produsent | David Foster | |
Whitney Houston-kronologi | ||
«We Didn't Know» (1992) | I Will Always Love You | «I'm Every Woman» (1993) |
I 1992 spelte den amerikanske songaren Whitney Houston inn ein ny versjon av «I Will Always Love You» for musikken til The Bodyguard, som var filmdebuten hennar. Songen har ein saksofonsolo spelt av Kirk Whalum. Ho skulle eigentleg spele inn Jimmy Ruffin sin «What Becomes of the Brokenhearted» som den første singelen frå The Bodyguard. Men då det vart kjend at songen skulle nyttast i Fried Green Tomatoes, bad Houston om ein annan song. Det var medskodespelaren hennar Kevin Costner som føreslo «I Will Always Love You», og spelte versjonen til Linda Ronstadt frå 1975 frå albumet Prisoner in Disguise. Produsenten David Foster og Houston omarrangerte songen som ein soulballade. Selskapet hennar meinte at ein song med ein acappella introduksjon ikkje kom til å bli ein suksess. Men Houston og Costner insisterte på å gjere det slik. Då Parton høyrde at Houston brukte innspelinga til Ronstadt som mal, ringde ho til Foster for å gje han det siste verset, som mangla frå Ronstadt-versjonen, sidan ho meinte det var viktig for songen.
Houston si utgåve er ikkje den einaste versjonen av songen som er med i filmen. I ein scene der ho dansar med Costner, kan ein høyre ein versjon av John Doe spele på ein jukeboks.
Houston si utgåve vart rangert på niandeplassen på lista til NME over dei beste førsteplassane gjennom historia. I 2004vart versjonen plassert på 65. plassen på lista til American Film Institute over dei 100 beste songane frå 1900-talet i amerikansk film. Han vart òg rangert på 22. plassen på lista til The Guardian over britane sine 100 favorittsongar, publisert i mai 2002. Fram til 2013 hadde utgåva til Houston seld over 20 millionar eksemplar verda over, som gjer det til den bestseljande singelen av ei kvinne gjennom tidene og ein av dei bestseljande singlane totalt.
I februar 2013 vart songen plassert på sjetteplassen på lista til Billboard over dei 50 beste kjærleikssongane gjennom tidene.
Ei konsertutgåve kom ut i 1999 på Divas Live '99 og i 2014 på CD- og DVD-utgåva av Whitney Houston Live: Her Greatest Performances, med eit konsertopptak frå 1994.
Songen er òg nytta i filmen This Is the End frå 2013 og i byrjinga av filmen Spider-Man: Far From Home frå 2019.
Singelen låg 14 veker på toppen av den amerikanske Billboard Hot 100, som den gongen var ny rekord. Det vart den største hitten til Houston og slo den gamle rekorden hennar, med «Greatest Love of All» frå 1986, med tre veker. Det er òg den lengste tida på toppen av lista for ein singel frå ein film.
Songen låg òg fem veker på toppen av Hot Adult Contemporary Tracks-lista og 11 veker på toppen av Hot R&B Singles-lista. Han låg på topp 40 på denne lista i 24 veker. Det vart den største hitten Arista Records nokon gong gav ut. Songen låg på toppen av både Hot 100, Adult Contemporary og R&B-lista samstundes i fem veker på rad, som berre Ray Charles med songen «I Can't Stop Loving You» hadde klart tidlegare i 1962.
Songen låg som nummer ein i USA gjenno januar og februar 1993 og var første gongen ein ny song hamna på toppen av Billboard først i mars i eit nytt år. Singelen var òg den mestseljande i USA i 1993. I Storbritannia var Houston-versjonen den bestsljenade i 1992, og den niande mest selde i 1993.
Houston-utgåva av «I Will Always Love You» vart òg ein massiv internasjonal hit og toppa singellistene i nesten alle land, inkludert Eurochart Hot 100 Singles, der han låg 13 veker på førsteplassen. Singelen låg på topp i Australia i ti veker, fem veker i Austerrike, sju veker i Belgia, åtte veker i Frankrike, seks veker i Tyskland, åtte veker i Irland, to veker i Italia, seks veker i Nederland, 14 veker i New Zealand, ni veker i Noreg, ei veke i Spania, seks veker i Sverige, åtte veker i Sveits, og ti veker i Storbritannia. Dei ti vekene i på toppen i Storbritannia, var den lengste perioden av ein kvinnelege soloartist fram til 2019 då Tones & I overtok rekorden.
Berre få timar etter Houston døydde 11. februar 2012, toppa «I Will Always Love You» den amerikanske iTunes-lista. I vekene etter ho døydde gjekk singelen inn att på Billboard Hot 100 nesten tjue år etter han kom ut, og debuterte på sjuandeplassen. Det vart dermed den første topp 10-singelen til Houston sidan 2001. Songen klatra til slutt til tredjeplassen. Han debuterte på tredjeplassen på Billboard Hot Digital Singles Chart 25. februar 2012. I Storbritannia nådde songen tiandeplassen på singellista den veka Houston døydde.
«I Will Always Love You» selde til 4x platinaplate i USA for over 4 millionar selde eksemplar den 12. januar 1993, som var første gongen ei kvinne nådde det nivået i USA. I følgje Nielsen SoundScan hadde singelen i 2009 seld nesten 4,6 millionar eksemplar som er den nest mest selde fysiske singelen i USA etter Elton John sin «Candle in the Wind» frå 1997.
I Storbritannia har singelen selt over 1,5 millionar eksemplar, og vart den tiande bestseljande singelen i 1990-åra, og han fekk 2x platinaplate der 1. januar 1993. Han selde òg til platinaplate i Tyskland for over 500 000 selde eksemplar. I Japan selde «I Will Always Love You» over 810 000 eksemplar og låg 27 veker inne på lista, og vart den bestseljande singelen av ein kvinneleg, utanlandsk artist på den tida, trass i at han aldri nådde toppen av lista.
«I Will Always Love You» van Grammyprisen i 1994 for Årets singel og Beste kvinnelege popsong. I tillegg fekk han beste pop/rock-singel og beste soul/R&B-singel hos American Music Awards, som var første gongen ein kvinneleg soloartist vann begge kategoriane.
I 2015 vart «I Will Always Love You» plassert på førsteplassen på lista over beste song frå rockeæraen i boka The Top 500 Songs of the Rock Era: 1955–2015.
I 2020 vart «I Will Always Love You» vald ut av Library of Congress for bevaring i National Recording Registry fordi han vert rekna som «kulturelt, historisk eller estetisk viktig».
'Britisk og europeisk 12"-vinylsingel
Britisk, europeisk og amerikansk 7" vinylsingel
| Amerikansk og europeisk maxi-CD-singel
Maxi-CD-singlar (1999-miksar)
|
|
Liste gjennom alle tidene
Billboard Magazine Hot 100 Anniversary Charts
|
Region | Salstrofé | Salstal |
---|---|---|
Australia (ARIA) | 4× Platina | 280 000^ |
Austerrike (IFPI Austerrike) | Gull | 25 000x |
China(IFPI Macao) | 8× Platina | 240,000* |
Danmark (IFPI Danmark) | Gull | 30,000^ |
Frankrike (SNEP) | Gull | 332,000 |
Tyskland (BVMI) | Platina | 500 000^ |
Italia (FIMI) | Platina | 50 000* |
Japan Physical CD Single | 810,080 | |
Japan (RIAJ) Digital | Platina | 100 000^ |
Nederland (NVPI) | Platina | 75 000^ |
New Zealand (RMNZ) | Platina | 15 000* |
Mexico (AMPROFON) | Gull | 30,000^ |
Sverige (GLF) | Platina | 50 000x |
Storbritannia (BPI) | 2× Platina | 1,650,000 |
USA (RIAA) | 8× Platina | 4,591,000 |
Digital | ||
Japan (RIAJ) | Platina | 250,000^ |
USA (RIAA) | 2× Platina | 2,016,000 |
*salstala er basert på sertifiseringa aleine |
I Will Always Love You Singel av Sarah Washington | ||
B-side | Remix | |
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 1993 | |
Sjanger | ||
Lengd | 5:27 | |
Selskap |
| |
Komponist | Dolly Parton | |
Tekstforfattar | Dolly Parton | |
Låtskrivar(ar) | Dolly Parton | |
Produsent |
| |
Sarah Washington-kronologi | ||
I Will Always Love You | «Careless Whisper» (1993) |
Den britiske pop og dance-songaren Sarah Washington gav ut ein suksessrik dance-versjon av «I Will Always Love You» i 1993. Det vart den største hitten hennar og han nådde tredjeplassen i Spania, 12. plassen i Storbritannia, 15. plassen i Irland og 32. plassen i Sverige. På Eurochart Hot 100 nådde singelen 44. plassen i september 1993.
Versjonen vart gjeven ut på Almighty Records, som skildra Washington som «an eager young hopeful» og hevda hennar «sensational studio performance» var hovudgrunnen til suksessen han hadde, i lag med at han blei mykje spelt på London-stasjonen 95.8 Capital FM. Det vart laga ein svart-kvitt musikkvideo til songen. I 2006 gav Almighty Records ut ein pakke med 11 mixar av «I Will Always Love You».
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «I Will Always Love You» (The Dolly Mix) | 6:20 |
2. | «I Will Always Love You» (7" Edit) | 5:25 |
3. | «I Will Always Love You» (Mighty Mix) | 7:26 |
4. | «Body Heat» | 4:38 |
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «I Will Always Love You» (7" Edit) | 5:27 |
2. | «I Will Always Love You» (12" Original Mix) | 7:27 |
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «I Will Always Love You» (7" Edit) | |
2. | «I Will Always Love You» (12" Original Mix) | |
3. | «I Will Always Love You» (Luv'd Up Mix) | |
4. | «Body Heat» |
Liste (1993) | Plassering |
---|---|
Europa (Eurochart Hot 100) | 44 |
Irland (IRMA) | 15 |
Spania (AFYVE) | 3 |
Sverige (Sverigetopplistan) | 32 |
UK Singles (Official Charts Company) | 12 |
I Will Always Love You Singel av Kristin Chenoweth og Dolly Parton frå albumet For the Girls | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 9. august 2019 | |
Innspelt | 2019 | |
Sjanger | Pop | |
Lengd | 3:22 | |
Selskap | Concord | |
Komponist | Dolly Parton | |
Tekstforfattar | Dolly Parton | |
Låtskrivar(ar) | Dolly Parton | |
---|---|---|
Produsent |
| |
Kristin Chenoweth og Dolly Parton-kronologi | ||
«Smoky Mountain Rain» (2019) | I Will Always Love You | «God Only Knows» (2019) |
«I Will Always Love You» vart spelt av den amerikanske skodespelarinna og songaren Kristin Chenoweth i ein duett med Dolly Parton. Songen kom ut 9. august 2019, som den første singelen frå Chenoweth-albumet For the Girls.
Føregangar «Wheel of Fortune» Ace of Base | Toppen av VG-lista Whitney Houston 9 veker, Veke 53, 1992–veke 8, 1993 | Etterfylgjar «No Limit» 2 Unlimted |
95: «Wonderwall» Oasis | Plassering på lista til Rolling Stone frå 2021 over dei 500 beste songane gjennom tidene 94 «I Will Always Love You» Whitney Houston | 93: «Since U Been Gone» Kelly Clarkson |
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article I Will Always Love You, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.