Fedralandet, mest kjend under fyrstelina Gud, signe vårt dyre fedreland, er ein salme skriven av Elias Blix.
Han er blitt kalla Noregs «nasjonalsalme».
Elias Blix skreiv eit utkast til salmen på Lillehammer vinteren 1890, og han gjorde han ferdig på Fjellhaug i Aker sommaren etter. Han vart prenta same året i bladet Nordmannen.
Til vanleg vert det første og dei to siste versa sunge, ofte òg det andre eller tredje.
Vers to, fire og fem inneheld ei stutt framstilling av Noregs kulturelle og religiøse soge. Det sjette verset har ein referanse til salme 127,1 i Bibelen. Det er sagt at under andre verdskrigen vart det siste verset ikkje sunge.
Salmen kom inn i Landstads kirkesalmebog gjennom Blix-tillegget Nokre Salmar, der han fekk nr 770. Han står i Norsk salmebok på nr 739.
Salmen blir spelt kvar søndag morgon på NRK P1.
Melodireferansen til salmen var «Den signede Dag, som vi nu ser», ein melodi skriven av C. E. F. Weyse.
1. | Gud signe vaart dyre Fedraland |
2. | Vaart Heimland i Myrker lenge laag, |
3. | Og Norig det ligg vel langt i Nord, |
4. | So blømde vaart Land i Ljos og Fred, |
5. | Og Morgonen rann, og Myrkret kvarv, |
6. | Vil Gud ikkje vera Bygningsmann, |
7. | No er det i Norig atter Dag Til Groren ein Gong er mogen! |
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Fedralandet, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.